Hopp til innhold

Vil ha utjamningsordning for nettleige

Fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren, vil ha ei utjamningsordning for nettleige. Fredag vart det kjent at straumkundane i Sogn og Fjordane får ei ekstrarekning på 800 kroner i 2015.

Kraftlinje-master
Foto: Håvard Wien / NRK

Årsaka til ekstrarekninga er blant anna at straumselskap i fylket må bygge ut nettet for å sende store mengder fornybar straum. Fleire har reagert på at austlendingane frå straumen, medan innbyggarane i Sogn og Fjordane må ta rekninga. Hilleren meiner dette er urettvist

– Eg tykkjer dette slår heilt urimeleg ut. Det er feil at det er vi som er det produserande fylket som skal få lagt på oss kostnaden som utbygging av straumnettet medfører for at forbrukarar andre stader i landet skal nyte godt av våre varer.

Råkar bøndene

For bøndene som brukar meir straum enn ein vanleg husstand slår dette ekstra hardt ut.

Per Hilleren

URETTVIS NETTLEIGE: Per Hilleren er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Dette er ingen god sak for næringa, ein slik kostnad som vi her blir pålagde er ikkje lett å ta inn igjen, vi kan ikkje berre auke prisane som vi vil.

Og for bønder som brukar meir straum ein vanleg husstand, så blir vel auken også større enn for ein vanleg forbrukar?

Heilt kva det betyr i kroner og øre for bøndene har ikkje Hilleren rekna på, det er først og fremst prinsippet han er oppteken av.

Utjamningsfond

– Her burde det vore eit utjamningsfond som gjorde at kostnaden kunne blitt fordelt på ein annan måte enn det den sannsynlegvis blir gjort i dag.

– No har vel olje og energiminister Tord Lien avvist utjamningsfond og meiner at ein heller bør slå saman kraftselskapa i Norge og på den måten få til ei utjamning. Kva trur du om det?

– Eg høyrde han seie dette. No håpar eg at vi har politikarar i fylket som ser verdien av å kunne vere med å støtte oppunder dei krava som kjem ifrå fylket og dei utfordringane som dette medfører. Dette handlar om politisk vilje og dersom vi har politikarar frå fylket som torer å stå opp og kjempe for dette så håpar eg at dei er synlege no.