Hopp til innhold

Vil ha turistskilta på fleire språk - trur ikkje alle turistane let seg lokke av symbola

Utanlandske turistar skal late seg lokke av vegskilt med symbol og norske tekstar på brun bakgrunn. Men reiselivsnæringa meiner at dette ikkje er godt nok. No vil dei ha tydelegare skilting på fleire språk.

turistskilt

UFORSTÅELEG? Reiselivsnæringa meiner turistskiltinga langs vegane er for utydeleg og vanskeleg for turistane. Her eit skilt som syner at riksveg 13 er ein nasjonal turistveg.

Foto: Statens vegvesen

Dei siste åra har Statens vegvesen skilta mange attraksjonar langs norske vegar med ulike symbol, og eigennamn på norsk.

Til dømes Briksdalsbreen i Nordfjord, og ei rekkje andre stader som er verd å sjå. Men det er ikkje nok til å lokke så mange turistar ein skulle ønskje, meiner reiselivsnæringa.

Ståle Brandshaug i Flåm

TEK OPP SAKA: Ståle Brandshaug er sjef for Visit Sognefjord. Han vil diskutere skiltproblema med styresmaktene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er få ord på norsk som er kjende i andre land. Fjord er kanskje eit av dei få. Vi er nøydde til å tenke både når det skilting og marknadsføring at ein skildrar kva produkt dette er. Er det ein bre, så må det kallast for ein glacier eller gletcher, eller på det språket det gjeld, seier reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, til NRK.

– Mykje å gå på

Fleire stader i landet har problema med manglande skilt, eller dårleg forklarte skilt, vore tema dei siste åra. Mellom anna har det vore teke opp i Stortinget sin spørjetime, men førebels utan at noko har skjedd.

– Vi har mykje å gå på, både i høve det å omsetje dei skilta som finst, og det å setje opp fleire skilt og meir informasjon. Dette er litt opp til destinasjonsselskapa i lag med kommunane og fylket å sjå nærare på dette. Det synest eg vi skal gjere, seier Brandshaug.

Krev betre skilting

Sandra Bratland i Cruise Norway er overtydd om at enda fleire turistar ville funne fram til både attraksjonar og bedrifter om skiltinga var meir tydeleg.

Sandra Bratland

VIL HA BETRE SKILTING: Sandra Bratland i Cruise Norway meiner at skiltinga langs turistvegane er for dårleg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Som turist så spør eg meg sjølv om eg vil forstå kva det er for noko. Kven er det vi set opp desse skilta for. Er det for oss sjølv, eller er det for turistane. For om turisten ikkje veit kvar det er, så kjem han heller ikkje på besøk. Då kan han heller ikkje bidra til verdiskaping, slår Bratland fast.

Opnar for dialog med næringa

Seksjonsleiar Magna Vangsnes seier at det er symbola på skilta som skal leie turistane på rett veg, men ho lukkar ikkje døra for ein dialog om språkbruken.

– Det finst døme på at vi har skilta på fleire språk einskilde plassar. Så vidt eg veit er det ikkje noko prinsipielt imot det. Det er meir ein praktisk problemstilling, seier Vangsnes.