Hopp til innhold

Geolog meiner einaste løysinga er tunnel

Det må byggast tunnel eller rasoverbygg skal vegen forbi Heilevang mellom Førde og Askvoll bli trygg, seier geolog Einar Alsaker.

Ras ved Hundsåna på Heilevang

SKREMMANDE: Anne Marie Mandelid frå Kvammen er ein av mange som engstar seg for å køyre denne rasutsette strekka på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll. Geolog Einar Alsaker meiner einaste løysinga her er tunnel.

Foto: Privat/Marie Stafsnes Osland / NRK

Natt til tysdag denne veka gjekk det på ny ras ved Heilevang, og eit avisbod blei sitjande fast mellom to ras. Anne Marie Sve Mandelid frå Kvammen pendlar mellom Kvammen og Førde dagleg, og er blant mange som fryktar strekka forbi Heilevang og Hundsåna.

– Eg var ikkje så engsteleg før. Det er først i seinare tid, og særleg etter ulukka for nokre år tilbake då han guten hamna på sjøen, seier ho.

Køyrer med naudhammar

For ein 23-åring frå Askvoll hadde for tre år sidan englevakt då eit ras kasta bilen hans på sjøen. Til alt hell kom han seg like heil ut av bilen.

Nok eit ras ved Hundsåna

RAS: Slik såg raset som gjekk natt til tysdag denne veka, ut frå sjøen.

Foto: Sølvi Catrin Berg Hestvik

Etter det har Mandelid blitt meir og meir engsteleg. Difor har ho skaffa seg naudhammar som ho heile tida har liggande i hanskerommet.

– Den har blinkande lys slik at du kan sjå dersom det er mørkt. Til dømes dersom du vert kasta på sjøen. I tillegg kan du knuse vindauga med den. I dag har jo alle ny bilar elektriske vindauge, og det er jo ikkje sikkert dei fungerer når bilen kjem i vatn, seier ho.

Ofte åleine på vegen

Mandelid synest alltid det er ubehageleg å køyre strekka, men særleg når det er dårleg vêr.

– Dersom det er stygt vêr og mykje nedbør tek eg hammaren fram og sveivar for å lade opp batteriet, og har den liggande i fanget mitt når eg køyrer den strekka, fortel ho.

– Eg er ofte seint ferdig på jobb, og då ofte åleine på vegen. Då har eg pleidd å ringe til mannen min for å gi beskjed når eg begynner å køyre på den strekka, sånn at viss eg ikkje er heime før då og då, så, ja ...

– Bortkasta pengar på sikring

Geolog Einar Alsaker ved Sunnfjord Geocenter, meiner rassikringa Statens vegvesen har gjort i det rasutsette området er til ingen nytte. Han køyrde sjølv i gjennom rasområdet like etter at det på ny rasa.

– Eg blei lyn forbanna for å seie det på godt norsk. Det er bortkasta pengar dei har heldt på med i fjor med å sikre der. For det raset som gjekk no ligg ganske nær inntil det området som vart sikra i fjor, seier han.

Geolog Einar Alsaker

VIL HA TUNNEL: Geolog ved Sunnfjord Geocenter, Einar Alsaker, meiner tunnel er einaste måten å sikre strekka ved Hundsåna på.

Foto: Privat

Den vel to kilometer lange strekka forbi Hellevang er frykta av alle som køyrer der. Alsaker seier det har gått nærare hundre ras på vegen dei siste tretti åra. Han meiner at det einast som kan gjere denne strekkje trygg er rasoverbygg, eller aller helst tunnel.

– Det er berre ein moglegheit å sikre den vegstrekka der, og det er tunnel. Det er ingen anna moglegheit, seier Alsaker.

– Tunnel er kanskje beste løysinga

Lars Erik Karlsen, prosjektleiar i Statens vegvesen, seier dei også kunne ha ønskt seg ein tunnel.

– No vil jo Dalsfjordbrua og vil jo avlaste ein del som ein mogleg omkøyringsveg, men det er klart at vi har prøvd å sikre. Vi har reinska fjellsida, og meiner det er rimeleg trygt, men i utgangspunktet er det kanskje tunnel som er beste løysinga, men det er noko politikarane må prioritere for oss, seier han.