- Utan Vikafjellstunnel har Vik det best åleine

VIK (NRK): Politikarane i Vik er slett ikkje sikre på kva kommune det er best å slå seg i hop med. Men at dei vil ha hol i Vikafjellet, dét er dei sikre på.

Den 14,5 kilometer lange Vikafjellstunnelen skal etter gjeldande planar starte frå Kålsete, der Vik Skianlegg ligg. Tunnelen skal gå tvert gjennom fjellet og komme ut i Hola på Vosse-sida.

KLART: – Planane er klare. Tunnelen skal starte her ved Vik Skisenter og gå 14,5 kilometer over til Hola på Vosse-sida, seier f.v. Olav Turvoll (Sp) og Roy Egil Stadheim (Ap). Foto: Tone-Merete Lillesvangstu

Vallogo

– Her kjem innslaget, seier Roy Egil Stadheim, ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

På Kålsete, like ved Vik Skianlegg, skal den planlagde Vikafjellstunnelen starte. 14,5 kilometer mellom Tistel og Hola på Hordalandssida vil gje innbyggjarane i Vik heilårssamband med Voss.

I 50 år har vikjene kjempa for tunnel, og den har i tiår har vorte halden fram som redningsplanke for både folketalsnedgang og næringsliv. Men framleis eksisterer tunnelen, kostnadsrekna til fleire milliardar, berre på kartet.

Vikafjellstunnelen er med i Nasjonal transportplan med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023.

Utan tunnel – inga samanslåing

Kommunereforma som kommunane i dag jobbar på spreng med, aktualiserer på nytt behovet for Vikafjellstunnel. Det er politikarane i Vik samde om.

– Får vi ikkje tunnel gjennom Vikafjellet, så er det vanskeleg å sjå kven vi skal slå oss i lag med, anten ein ser nordover Sognefjorden eller sørover mot Voss, seier avtroppande Ap-ordførar Marta Finden Halset.

Ho har kjempa hardt for tunnelen, og det vil også ordførarkandidat Stadheim frå same parti kjempe for.

Men han er langt frå overtydd om at kommunesamanslåing er redninga og framtida for Vik kommune. Med stengd Vikafjell og ferjeforbindelsar over Sognefjorden med låg regularitet, har vikjene vore vane med å klare seg sjølv.

– Utan betre kommunikasjon enn det vi har i dag, står vi oss best åleine, seier Stadheim.

Er med på to utgreiingar

Vik er med på to utgreiingar om moglege samanslåingsalternativ, ei i regi av Sogn regionråd og ei i regi av Voss der Aurland også er med i planane.

– Vi må ha hol i fjellet og betre kommunikasjonar med stive ferjeavgangar og nattferjer før vi konkluderer med å slå oss i hop med andre, seier Stadheim.

Han har, til liks med ordførarkandidaten til Senterpartiet, Olav Turvoll, ikkje konkludert med kva kommunar det er best for Vik å slå seg saman med, dersom dei må.

– Vi har det godt slik vi har det. Uansett må innbyggjarane få seie sitt. Så får vi bruke det som ei rådgjevande rettleiing, seier Stadheim.

Det er Turvoll samd i.

– Vi må ha ei folkeavstemming, og då må vi ha fram eit skikkeleg grunnlag å bestemme seg på, seier Turvoll.

Vil ha tunnelen på plass

VANSKELEG: Både (f.v.) ordførarkandidat Roy Egil Stadheim (Ap) og sitjande varaordførar Olav Turvoll (Sp) tykkjer det er vanskeleg å avgjere om ei kommunesamanslåing bør gå nordover eller sørover for Vik kommune. Men tunnel vil dei ha.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fleire vil slåst om ordførarklubba

Han har to periodar bak seg som varaordførar, og er klar for at han går for ordførarklubba. Historisk sett er det stort sett Arbeidarpartiet og Senterpartiet som har vore dei to store partia, og det er også dei som har veksla mest på å ha ordføraren. Men Venstre gjorde eit svært godt val i 2011, og Morten Holmberg er klar på at han har ambisjonar om å bli den nye ordføraren i Vik.

– Eg har sete lengst samanhengande i kommunestyret, og eg har ambisjonar om å bli ordførar. Eg trur det vil vere spennande, og Vik har store moglegheiter for å utvikle seg framover, seier Holmberg.

Morten Holmberg

ER KLAR: Venstres Morten Holmberg er klar for oppgåva som ny ordførar i Vik – dersom han skulle få sjansen.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Venstre satsar tungt på næringsutvikling og auke i folketalet som sine valkampsaker.

– Skulle vi komme i maktposisjon, er næringslivet heilt grunnleggjande for oss, seier Holmberg.

Høgres Morten Midlang er klar på at når det gjeld kommunereform, så er det Voss som er det rette alternativet for Vik. Hen er heller ikkje framand for å ta hand om ordførarklubba, dersom sjansen skulle by seg.

Morten Midlang

VIL TIL VOSS: Morten Midlang i Høgre vil slå Vik i hop med Voss.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Slik eg ser det er valet i år ope. Det er vel faktisk fem ordførarkandidatar, og alle kan vere like aktuelle. Høgre kan vere eit alternativ for dei som meiner det raudgrøne alternativet har styrt lenge nok, trur Midlang.

Får ein heilt annan politisk kvardag

For det nye kommunestyret får heilt andre rammer å styre etter, enn dei to føregåande. Politikarane har måtte kutte til beinet etter at Vik vart ramma av den såkalla Terra-skandalen i 2007.

Kommunen var også ein periode på fylkesmannen si Robek-liste for kommunar som er under statleg kontroll. Difor lir mange felt i kommunen under manglande og ikkje-eksisterande vedlikehald og investering. Etter det siste forliket i Terra-saka er gjeldsmarerittet til Vik kommune over.

– Viss vi ikkje hadde fått til eit forlik, ville vi hatt krav om inndekning på 30 millionar kroner. Etter forliket er dette snudd, og vi har 30 millionar kroner på bok, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Men det betyr ikkje at det er fritt fram for det nye kommunestyret til å bruke pengar som fulle sjømenn.

– I den situasjonen vi har vore i, har det samla seg opp mykje på vedlikehald- og investeringssida. Eg som rådmann vil rå politikarane til å ta fatt på den jobben, seier Ese.

Må framleis prioritere

Avtroppande ordførar, Marta Finden Halset, misunner ikkje påtroppande ordførar og kommunestyre, sjølv om dei får ein langt enklare kvardag enn det ho sjølv har hatt i to periodar.

– Å ha pengar å rutte med, har sine utfordringar dét også. Det skal sterk rygg til for å bere gode dagar, seier Halset.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.