Hopp til innhold

Vil ha svar frå Olsson innan september

Sogndal Fotball vil ha Jonas Olsson som hovudtrenar også neste sesong. Men svensken bør helst ha bestemt seg innan utgangen av august.

Jonas Olsson
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Me har ein god dialog med Jonas rundt forlenging av avtalen hans. Det er ikkje noko me stressar med enno, men innan utgangen av august bør me ha kome lenger, seier styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.

– Planlegginga vår inn mot 2014 startar tidleg på hausten, slik at når me kjem ut i september-oktober bør kabalen for neste sesong vera på plass, legg han til.

Overtok nedrykksdømt lag

Den 43 år gamle svensken hadde delt hovudtrenaransvar i storklubben IFK Göteborg fram til 2011, då han overtok eit nedrykksdømt Sogndal-lag.

Etter å ha berga kontrakten med nokon lunde margin i 2012, tok Sogndal i år ferie komfortabelt plassert midt på tabellen.

Kan bryte uskriven regel

Framgangen under Olsson gjer at Sogndal er villige til å bryta med ein uskriven regel i klubben, å lata ein trenar styra laget i meir enn to år. Tidlegare har trenarar som Harald Aabrekk og Torbjørn Glomnes fått store problem det tredje året i klubben.

– Eg kjenner til den «toårsregelen», men eg trur ikkje den har så mykje å seia i dette tilfellet. Det er svært lite slitasje i spelargruppa og spelarstallen har heile tida blitt fornya under Jonas, seier Ness.

Familien til Olsson flytta tilbake til Göteborg i sommar, og det kan bli eit avgjerande punkt i Sogndal sitt trenarspørsmål.

– Me må sjå på heile den kabalen og finna løysingar som alle partar kan leva med. Og så må Jonas sjølvsagt seia ja til jobben, seier Ness.