Hopp til innhold

Vil ha to ambulansebåtar litt til

Askvoll og Solund bør får behalde kvar sin ambulansebåt som ei mellombels løysing i to år til. Det er administrasjonen i Helse Førde som rår til ein mellombels avtale for dei to neste åra. Deretter skal ein ny båt vere på plass i Solund slik styret vedtok i fjor haust. Båten skal dekke begge kommunane, noko som har ført til store protestar. Det tar tid å få på plass den nye båten, og i mellomtida må Helse Førde ha eit godt nok tilbod. Styremøtet neste fredag avgjer saka.