Hopp til innhold

Vil ha tips om bjørnen

Statens Naturoppsyn ber folk om å sjå etter bjørnespor.

Spor etter den forrige bjørnen som vitja fylket i 2006.
Foto: Ove Haugen

Oppmodinga kjem frå Statens Naturoppsyn, etter at det tysdag vart kjent at ein bjørn har vitja Jostedalen i Luster.

Les også: Bjørnen er tilbake

Kan vandre langt

- Viss det er nokon som ser bjørnespor, ber vi dei ta kontakt. Eit slikt dyr kan jo vandre ganske langt, og det er slett ikkje sikkert at bjørnen er i Sogn lenger, seier regionalt rovdyransvarleg i Statens Naturoppsyn, Sverre Tveiten.

Han har nett fått beskjed om at det på ny er gjort sikre observasjonar av bjørnespor i Jostedalen. To år etter at ein bjørn herja ein heil sommar i dalføret og drap om lag 20 sauer.

- Ingen tvil

- Det er absolutt ingen tvil om at eg ein bjørn har gått forbi her, men kvar han er no veit me ikkje, seier fjelloppsynsmann i Luster, Einar Fortun som var i ferd med å undersøke sporet då NRK snakka med han tysdag ettermiddag.