Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter sakna i Sogndal

Politiet oppmodar folk som har sett ein mann med ei piratbukse i dongeri i området rundt Kaupanger om å ta kontakt.

leiteaksjon i sogndal haukåsen

UTAN SPOR: Store mannskap har gått manngard i terrenget rundt Haukåsen på leit etter den sakna.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi vil gjerne at alle som har sett ein mann i området rundt Kaupanger kledd i piratbukse (kort, til knea), av type dongeri, om å ta kontakt med oss, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane, Olaug Holme.

Politi og leitemannskapet står framleis utan spor eller tips om mannen som har vore sakna i området rundt Haukåsen i Sogndal sidan måndag kveld.

– Det er ikkje gjort noko funn etter den sakna.

Vil vere folk i området i natt

Den 37 år gamle mannen forsvann då han og to andre var på tur med institusjonen han bur på. Store leitemannskap og rundt 70 frivillige har delteke i leitinga etter mannen.

– Leiteaksjonen vil halde fram utover kvelden, så lenge det er lyst. Når det blir mørkt vil det vere folk i området, men ikkje bli leita på same måte, seier Holme.

Politiet ber folk som har observasjonar, små eller store, om å ta kontakt på 02800.

Resultatlaust også i Florø

Også i Florø har det blitt leita i heile dag etter den 45-år gamle mannen som har vore sakna sidan natt til søndag. Politiet har konsentrert søket etter mannen rundt Storevatnet der 45-åringen sin mobiltelefon vart funnen.

– Søket etter mannen held fram også der fram til det blir mørkt. Planen er å starte opp att leitinga i morgon tidleg.