Hopp til innhold

Vil ha tips etter tjuveri i Bremanger

Etter fleire innbrot i Bremanger den siste tida, ber politiet no publikum om tips.

Smørhamn

Ved fleire høve har det den siste tida forsvunne ting frå gardsbruk i kystkommunen. Ei slåmaskin, ein minicross og eit aggregat er blant det som har blitt vekke.

Etter tips fann eigaren av slåmaskina i dag denne att på den no nedlagde ferjekaia på Smørhamn. Politiet ber no om hjelp til å nøste opp i kva som har skjedd.

– Vi ønskjer heilt klart tips om folk har sett personar i området, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kor vidt tjuven eller tjuvane har hatt eit større køyretøy for å frakte med seg tjuvegodset vil ho ikkje spekulere i.

Dersom du har tips i saka når du politiet på telefon 02800.