Hopp til innhold

Vil ha tips etter krasj på Jølster

Politiet på Jølster ber om tips etter at ein bil har køyrt av E39 i 50-sona på Vassenden og krasja med ein parkert bil. Sjåføren har berre køyrt vidare. – Vi vil gjerne ha tips frå folk som kan ha sett bilen, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit. Han opplyser at skadene viser at det er ein blå bli som har krasja og køyrt vidare. Hendinga har skjedd mellom klokka 03 og 07 i natt. Politiet i Jølster ønskjer å komme i kontakt med føraren av den blå bilen.