Hopp til innhold

Vil ha tips etter hærverk i Florø

Politiet i Florø vil gjerne ha tips om hærverket som har skjedd blant anna på barneskulen og ved Storevatn barnehage. Firdaposten skriv i dag at det har vore fleire tilfelle av hærverk og ruteknusing på offentleg eigedom i kystbyen dei siste vekene. – Vi ønskjer opplysningar dersom folk veit noko om desse sakene. Folk kan også ta kontakt med oss anonymt, seier stasjonssjef Wenche Hope ved Flora politistasjon til NRK.