Hopp til innhold

Vil ha husmorvikarane tilbake i norske heimar

Husmorvikarane var eit kjend syn i norske heimar. No vil kvinne- og familieforbundet ha denne yrkesgruppa tilbake.

Husmorvikar

VIKTIG ROLLE I EI ANNA TID: Husmorvikaren var heilt naudsynt i ei tid då dei fleste familiane hadde ein heimeverande forelder som tok hand om born og hus. Vart den forelderen akutt sjuk måtte nokon ta over arbeidet.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Tidene har endra seg. Vi har mange fleire åleineforeldre enn før, seier Aina Alfredsen Førde, leiar i Noregs kvinne- og familieforbund.

Ho tek no til orde for å få tilbake ei yrkesgruppe som var viktig i mange norske kjernefamiliar, særleg i åra etter krigen og framover.

– Heiderstittel

At kjernefamilien ikkje lenger er normalen gjer familiar meir sårbare, meiner ho, og då kan husmorvikarar vere ei løysing.

– Det er ein heiderstittel, sjølv om det ikkje blir sett på som det i dag.

– Kvifor ikkje, trur du?

– Fordi alle helst skal vere ute i arbeid. Vi i Kvinne- og familieforbundet vil at det skal vere kvinna og familien sitt val. Det skal vere respekt for dei som vel å vere heime, seier Førde.

Nytt namn, same rolle

Sosialistisk venstreparti støttar forbundet.

– Vi i SV har programfesta at vi vil innføre familievikarordning slik at familiar med særleg store behov blir avlasta, seier Vibeke Johnsen, SV-leiar i Sogn og Fjordane.

Ho er einig i at det finst eit behov for rolla sjølv om ordet «husmor» ikkje er det beste, synest ho.

– Det er litt bakstreversk å kalle det. Me har eit mål om at både mor og far får bidra med omsorg, seier ho.

Nokre få igjen i kommunane

Det finst i dag nesten ikkje husmorvikarar att i kommunane. Ofte er det den andre forelderen som må ta ut ferie eller permisjon dersom akutte situasjonar oppstår der til dømes born må takast hand om.

Og der stillinga finst så heiter det ikkje alltid husmorvikar lenger.

– Nokre få kommunar har framleis husmorvikarar. Familievikar er eit anna namn på det, seier Aina Alfredsen Førde.

Rolla var viktig i etterkrigstida, då det vanlege var at ein forelder, oftast kvinna, var heime som husmor. Om den forelderen då blei sjuk fekk heimen inn ein husmorvikar, som stelte i huset, passa borna og laga mat.

Slik det var då er det fleire som ønskjer seg tilbake til, meiner Førde.

– Det er ein del som vil vere heime, i alle fall når borna er små. Det må vere valfridom, seier ho.

Aina Alfredsen Førde, leiar i Norges kvinne- og familieforbund

TID I ENDRING: Endra familieforhold gjer at husmorvikaren trengst igjen, seier Aina Alfredsen Førde i Noregs kvinne- og familieforbund.

Foto: Ingvild Aleksandra Eide / NRK