Hopp til innhold

Får krass kritikk: No vil Helse Førde ha eiga tannlegevakt

HELSE FØRDE (NRK): Då ei ung jente fekk alvorlege tannskadar blei det ikkje gjort nok for å skaffe tannlegehjelp. No vil fagdirektøren i Helse Førde få etablert ei eiga tannlegevakt for å unngå at slikt skjer igjen.

En pasient blir undersøkt av en tannlege

KREV BEHANDLING: Tannlegane i Sogn og Fjordane må inn i ei vaktordning, meiner Hans Johan Breidablik.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I fjor sommar fekk ei ung jente eit fotballmål over seg og slo ut fleire tenner. På legevakta fekk familien til slutt beskjed om at det ville halde om jenta kom til tannlege måndagen. Men i løpet av helga blei jenta dårlegare, og blei lagt inn på sjukehuset.

Fylkeslegen meiner at legane burde sørga for å skaffe tannlegehjelp med ein gang, og kallar hendinga for uforsvarleg.

Vil ha tannlegevakt

Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde meiner at løysinga for framtida er eit tettare samarbeid mellom legevaktlegane og tannhelsetenesta, og gjerne få til at ein tannlege i fylket har vakt.

Hans Johan Breidablikk

VIL HA VAKT: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner det må bli eit betre samarbeid mellom den vanlege helsetenesta og tannhelsa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ikkje berre snakk om tannskadar, det er jo også snakk om andre akutte tannbehandlingar som ikkje kan vente, og som då hamnar på legevakta, seier Breidablik til NRK.

– For få pasientar

Clara Øberg er fungerande direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Ho trur ikkje det er realistisk med ei fullverdig tannlegevakt her i fylket.

– Eg forstår godt kva Breidablik meiner, men vi har sjekka ut kor stort behovet er. Ut frå dei erfaringstala vi har så vil det vere uriktig slik vi ser det. Då vil vi bruke masse ressursar på å ha ein tannlegevakt, framfor å ha aktiv behandling, seier Øberg.

Clara Øberg

BLIR FOR DYRT: Fungerande tannhelsedirektør, Clara Øberg, meiner at det blir for dyrt og for vanskeleg å etablere ei eiga tannlegevakt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kallar det uforsvarleg

For den unge jenta vart det uansett ei vond oppleving. Det er særleg ein lege på sjukehuset som får kritikk frå fylkeslegen, som skriv i sitt vedtak at legen gjorde ei feilvurdering ved ikkje å tilkalle kjevekirurgen som også jobbar på sjukehuset.

– Vi har kome til at di feilaktige vurdering av tannskadane og unnlatinga av å tilvise vidare eller sørgje for naudsynt helsehjelp i form av tannlegebehandling, er eit så stort avvik frå god praksis at det må reknast som uforsvarleg, skriv fylkeslegen.

Det er ikkje berre snakk om tannskadar, det er jo også snakk om andre akutte tannbehandlingar som ikkje kan vente

Fagdirektør Hans Johan Breidablik

Vil ha gjennomgang

Fagdirektør Hans Johan Breidablik seier til NRK at han har vore i kontakt med den aktuelle avdelinga på sentralsjukehuset og har bede dei gjere ein gjennomgang for å lage betre rutinar.

– Det er jo ein kritikk som går til Helse Førde i ei sak der det er fleire involverte, kanskje først og fremst den interkommunale legevakta. Men det er jo klart at for pasienten så har ikkje dette vore som ein skulle ønskje, seier Breidablik.