Hopp til innhold

Apoteksjef skal vere med og finne rett medisin for Fjord1 etter styrebråket

Fylkesutvalet har peika ut apotekdirektøren Lars Birkeland som nytt styremedlem i Fjord1, etter at Eva von Hirsch trekte seg i protest mot styreleiar Reidar Sandal.

Lars Birkeland 43677

KONSERNSJEF: 50 år gamle Lars Birkeland er av fylkesutvalet peika ut som majoritetseigar Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt nye styremedlem i Fjord1.

Foto: Niklas Larsson/Bildbyrån / BILDBYRÅN

Birkeland er konsernsjef i sveriges tredje største apotekkjede, Kronans Droghanel Apotek AB.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer 50-åringen som sitt nye styremedlem etter at Eva von Hirsch nyleg trekte seg i protest mot styreleiar Reidar Sandal.

Må velgjast formelt

– No blir Birkeland spelt inn til F1 Holding som oppnemner det vidare inn til generalforsamlinga. Det er dei som gjer det formelle valet, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkesutvalet har nytta eit profesjonelt firma til å finne fram til von Hirsch sin etterfølgjar i Fjord1-styret. Fylkeskommunen er med sine 59 prosent majoritetseigar i ferjeselskapet.

– Omfattande erfaring

Utvalet la vekt på at fagøkonomen Birkeland har brei internasjonal erfaring, og har rekneskapsmessig, finansieringsmessig og investeringsmessig erfaring. Han har også brei leiarerfaring og erfaring frå styrearbeid.

– Han har også gode mellommenneskelege eigenskapar og det er framheva at han er dyktig å setje seg inn i kundane og brukarane sine behov. Han har også omfattande erfaring i samhandling med offentlege styresmakter, seier Kjelsnes.

Gjekk for lukka dører

I tillegg til von Hirsch trekte også Havilafjord sitt styremedlem, Lars Pamer, seg av same grunn. Også Havilafjord vil no peike ut eit nytt styremedlem.

Handsaminga av Fjord1-saka gjekk for lukka dører i fylkesutvalet i dag, men NRK kjenner til at det var ein lang og oppheita debatt om saka.

Mange styreverv

Lars Birkeland har i dag fire styreverv i tillegg til sitt nye verv i Fjord1-styret. Han er styreleiar for ein klesforretning i Bærum, styremedlem i eit grossistfirma og i eit anna firma.

Historisk sett har han vore styreleiar og styremedlem i ei rekkje apotekverksemder, samt styremedlem i næringslivsorganisasjonen Virke.