Hopp til innhold

Han vil du skal stogge opp og tenkje over eitt spørsmål

«Kva gjer livet verdt å leve – for deg»? Det relativt korte, men omfattande spørsmålet det nestleiar i Kirkens SOS Bjørgvin som ber deg fundere over.

Karl Dag Bærug

NESTLEIAR: Karl Dag Bærug har denne veka utfordra handlande i Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Karl Dag Bærug vitjar denne veka Sunnfjord for å rekruttere frivillige til arbeidet ved naudtelefonvaktrommet i Førde.

På Førde Torg utfordrar han folk til å svare på eit gigantisk filosofisk spørsmål.

– Eg oppmodar folk til også å bruke adventstida til å tenkje på kva ein faktisk har som ein må ta vare på, seier han.

Hengt opp på veggen

Allereie har fleire handlande teke utfordringar på strak arm og skrive sine svar på kvite A4 ark.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dette er viktig for folk.

SVAR: Dette er nokre av svara handlande gir på utfordringa frå Karl Dag Bærug.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Svara heng på ei snor på tvers av senteret. Born, unge, arbeid, fjellturar og kjærleik er blant dei mange svara. Til no.

– Vi møter eit utruleg mangfald hos dei vi snakkar med. Folk er ulike, og det er heilt fantastisk. Når det gjeld å finne kva som er viktigast i livet, så er det noko vi gjer alt for sjeldan, seier Bærug.

Bør stoppe opp

– Vi blir for opptekne av det vi balar med av problem og vanskar. Men når det buttar litt i mot, så er det viktig å finne grunnfjellet av gode ting i livet. Det må løftast fram meir enn ein gjer, held han fram.

Ei av dei som stoppar opp og tek utfordringa er Helene Skaar. Vennskap, familie og kjærleik er hennar viktigaste punkt.

– Familien betyr nesten alt for meg, og eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan venner. Kjærleik er noko alle gir, og er veldig viktig, fortel ho om det relativt korte, men omfattande spørsmålet.

– Håpar det kan hjelpe

– Mange har det vondt og slit. Kanskje kan det hjelpe nokon å lese desse svara, delvis seier og undrar Skaar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dette er viktigast for folk.

SVAR: Dette er nokre av svara handlande gir på utfordringa frå Karl Dag Bærug.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det same spørsmålet stilte Kirkens SOS i Bergen i samband med Verdsdagen for sjølvmordsførebygging i september.

– Det å oppleve meining, handlar om relasjonar og å bruke seg sjølv i ein samanheng der ein føler ein gir noko att som gir ein plass i verda. Det å kjenne seg utanfor er det verste, seier Bærug.