Hopp til innhold

Vil ha større nasjonal pengepott for å skunde på rassikring av fylkesveg 609

ASKVOLL (NRK): Etter over 500 timar med stengd fylkesveg 609 i Askvoll i 2018, ber aksjonsgruppa for rassikring av vegen om ein større totalpott til rassikring i Noreg. Berre slik kan dei skunde på tunnelprosjektet langs vegen, meiner dei. Med seg på laget har dei NAF.

Fylkesveg 609 i Askvoll

SATSAR PÅ TUNNEL: Stripene ned frå fjellet viser kor det har gått skred.

Foto: RAYMOND LIDAL / NRK

– Me håpar at NAF kan vere med å jobbe for å få meir pengar til rassikring nasjonalt. Det er viktig for slike område som me bur, seier Kurt Hafstad.

Harstad er leiar for aksjonsgruppa for rassikring av fylkesveg 609. Han er klar på at han ikkje vil løfte tunnelprosjektet over andre rassikringstiltak i fylket eller landet. Det er totalpotten som må aukast.

– Det er jo bestemt at tunnelbygginga skal setjast i gang, men me trur me kan kome raskare i gang dersom me får NAF med oss til å jobbe dette fram, seier han.

Staten har sett av 12 milliardar kroner fram mot 2029 for å sikre fylkesvegar mot ras. I tillegg kjem like mykje pengar til å sikre riks- og europavegar.

I over 500 timar vart fylkesveg 609 stengd i fjor, og kvar dag køyrer 500 bilar her. Tunnelen dei ventar på kan ikkje kome fort nok for dei som brukar vegen. NAF lovar å hjelpe så godt dei kan.

– Me ønskjer å støtte opp om dette engasjementet. Og me ser at strekningen er svært rasutsett, seier kommunikasjonsrådgivar Ingunn Handagard.

– Kan de jobbe opp mot politikarar som bestemmer kor pengane skal gå?

– Det kan me absolutt, og me håpar engasjementet her kan få politikarane til å opne augo for behovet her, seier ho.

Best å sjå frå sjøen

Når båten legg frå kai i Hestvika i Askvoll så er ho og andre representantar frå NAF med. Synfaringa av vegen må leggast til sjøen for å få eit inntrykk av den rasutsette fylkesvegen. Med fjella høgt over oss kan me tydeleg sjå teikn på ras.

– Ein ser tre som er tekne innover heile fjellsida her. På berre eit par hundre meter kan ein telje fire–fem raspunkt, seier Kurt Hafstad.

Ein som køyrer strekninga ofte er varaordførar og bussjåfør Gunnar Osland (V). Han prøver å unngå å tenkje på rasfaren.

– Ein kan ikkje sitje og tenkje på det heile tida. Men når det er veldig dårleg vêr så er det ikkje kjekt. Og når ein har hatt nesten-ulukker så blir det ekstra ille, seier Osland.

Før har det oftast gått ras i uvêrsperiodar, seier han, men no er det oftare.

– No rasar det ikkje berre i styggevêr, men også i godvêr. Det er aldri trygt.

Når borna hans køyrer vegen på kveldstid held han kontakt med dei på telefon, for sikkerheits skuld.

– Det er for å vite om dei er komne forbi, seier Osland.

Varaordførar Gunnar Osland i Askvoll

VARAORDFØRAR OG BUSSJÅFØR: Gunnar Osland (V) ønskjer seg tunnel i begge roller.

Foto: RAYMOND LIDAL / NRK