Hopp til innhold

Vil ha større barnevernskontor

Eigne barnevernskontor i kommunar som Naustdal med under 3000 innbyggarar er altfor små, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp).

Solveig Horne
Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

– Det er tryggare å vere i større miljø. Både med tanke på tryggleiken til familiane, og ikkje minst tryggleiken til dei tilsette, seier Horne.

Ho meiner det ikkje er noko tvil om barnevernet bør ha større einingar i staden for små, slik det er i kommunar som til dømes Naustdal.

Omstridd sak

Det var i november i fjor at barnevernet i Naustdal flytta fem barn i tre ulike fosterheimar, etter vedtak stadfesta av fylkesnemnda i barnevernet. Foreldra, som er sikta for familievald, har fått babyen sin tilbake, men fire barn bur framleis i fosterheim.

Det norsk-rumenske paret meiner det har vore brukt mot dei at barna har fått ei kristen oppdraging.

Det lokale barnevernet i Naustdal si handtering av saka har ført til store protestaksjonar både nasjonalt og internasjonalt.

Horne vil ikkje kommentere saka i Naustdal, men understrekar at kommunar som Naustdal med under 3000 innbyggjarar, er for små.

– Det finnast mange døme på kommunar med få tilsette i tenesta der tilsette ofte kjem i konflikt med dei ein skal hjelpe, seier Horne.

Avgjort tidleg

Tysdag denne veka fortalde rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, at det blir vurdert om barnevernet i kommunen skal inn i eit samarbeid med Førde og Gaular barnevern.

Dette blir avgjort allereie innan sommarferien, ifølgje rådmannen. Han meine ikkje det er problematisk for barnevernet å vere ei mindre eining.

– Vi kompenserer at vi er ein liten kommune med tverrfagleg samarbeid, god kontakt med fagmyndigheiter og rettleiing. Dessutan leiger vi inn kompetanse eksternt, seier Bang Olsen.

Horne meiner likevel at nærleiken mellom tilsette i barnevernet og innbyggjarane i små kommunar, ofte kan føre til konflikt.

– Difor meiner eg at akkurat barnevernstenesta er ei teneste som burde ha større einingar.