Johs B. Thue er overtydd om at det på Krossneset i Nærøyfjorden må ha stått ein steinkross.
Kvite Krist
Denne krossen kan ha vore ein måte å lese terrenget på, eller den kan ha vore eit symbol på at her ligg "krosslandet" - her rår Kvite Krist, trur Thue.
Han meiner at krossen, som ein gong stod på dette neset i Nærøyfjorden, vart laga i steinhoggarmiljøet langs Åfjorden i Hyllestad.
Kopi
No ber historikaren frå Balestrand Aurland kommune om å vurdere å setje opp ein ny kross på Krossneset.
"Nærøyfjorden blir ein stor attraksjon rikare", skriv Thue i oppmodinga til kommunen.
Interessant
Ordførar i Aurland, Olav Ellingsen, tykkjer idèen er interessant. Han lovar å drøfte dette med dei andre kommunane som ligg innanfor verdsarvområdet.