Hopp til innhold

Vil ha Sogndal til å våge meir

Sogndal har den dårlegaste sesongstarten på fire år i eliteserien. Leiaren i supporterklubben Saftkokaradn meiner laget frå saftbygda må våge meir på heimebane.

Vidar Vadseth etter kampen

VIL HA MEIR GUTS: Leiar i supportarklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth, etterlyser eit Sogndal som vågar meir på heimebane.

– Vi er på heimebane, og då må vi tore stå med laget høgt. Om ikkje synst eg ikkje vi har noko i eliteserien å gjere, rett og slett, seier ein skuffa Vidar Vadseth.

Han såg i går Sogndal tape 3–1 mot Strømsgodset på Fosshaugane. Med sitt tredje tap på rad ligg laget sist på tabellen med berre eitt poeng etter fire kampar.

Vidar Vadseth i Saftkokaradn meiner Sogndal treng ein opptur, og det fortast mogleg.

– Det er ikkje kritisk enno, seier han og viser til at det er spelt berre fire kampar. Men:

– Vi må ha ein plan og byrje plukke poeng, og vinne kampar, er den klare beskjeden.

Meiner Sogndal var for feige frå start

Det var ikkje uventa at Sogndal fekk vanskar då dei i går tok imot dei regjerande seriemeistrane. Dei greidde halde følgje med 1–1 til pause, men så var det Strømsgodset som hadde kontroll og sikra siger med 3–1.

I supporterklubben meiner leiar Vidar Vadseth at Sogndal vart litt for feige med måten dei gjekk ut frå start.

– Vi startar kampen med tre spissar på benken, og har i staden Bolli (Rune Bolseth, red. anm.) på topp saman med Ulrik Flo. Bolli er i utgangspunktet ein midtbanespelar, og eg synst det er litt feigt å starte med ein midtbanespelar i den offensive posisjonen. Eg ville ha sett meir angrepsvilje frå benken si side, seier Vadseth.

(Artikkelen held fram under)

Jonas Olsson etter kampen

TRENAR: Dette sa Sogndal-trenar Jonas Olsson etter 3–1 tapet mot Strømsgodset på Fosshaugane måndag kveld.

Vil sjå eit lag som tek initiativ

I sist runde gjekk Sogndal på eit stygt tap då dei vart overkøyrde av Bodø/Glimt på Aspmyra. Men trass 4–2 tak frisk i minne meiner Vadseth det var feil å vere litt forsiktige i kampen mot laget som vann serien i fjor.

– Kva må Sogndal gjere no meiner du?

– Vi må finne ut korleis vi skal løyse dett, og det håpar og reknar eg med at trenarapparatet har svar på.

– Eg håpar det blir ein heilt anna «guts» og vilje borte mot Haugesund. Eg håpar vi torer å ta initiativ framover, og torer å spele ball i laget, noko vi er gode nok til å gjere, seier Vadseth.

Men trenaren har trua

Trenar Jonas Olsson på meiner laget gjorde ein relativt god kamp mot seriemeistrane frå i fjor.

– Dette var ein av åre betre kampar mot Strømsgodset, seier svensken til NRK.no.

Sjølv om laget no altså ligg med eitt poeng etter fire kampar og heilt i botnen av tabellen avviser han at det er noko krise.

– Vi skal spele 30 kampar, og vi spelar dei med dei spelarane vi har og etter dei ressursane vi har. Så får vi ha dei poenga vi har etter 30 poenga.

Kritikken frå supportarklubben om å starte kampen med berre ein einsleg spiss blir kontant avvist frå Olsson.

– Eg synst vi skaper mange moglegheiter, seier Olsson og seier dei står inne for taktikken dei valde.

– Så du har framleis trua på laget?

– Ja, vi har trua på det vi driv med. Så får vi sjå om det held til eliteseriespel neste år. Akkurat no køyrer vi på, seier han.