NRK Meny
Normal

Vil ha snarleg utbygging av fengselet i Vik

Sogn og Fjordane Høgre ber no regjeringa om å sikre ei snarleg utbygging av fengselet i Vik

Vik fengsel

UTVIDING: Vil bygge ut fengselet i Vik med 30 nye soningsplassar.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

– Det er dei einaste statlege arbeidsplassane vi har i Vik. No kan vi omtrent dobla talet tilsette. Dette er solide og gode arbeidsplassar som vi har brukt for, seier Morten Midlang som er leiar i Vik Høgre.

Resolusjonen vart vedteken samrøystes under fylkesårsmøtet til Høgre i helga. I Vik har kommunen lenge jobba for å legge til rette for ei utviding, og er allereie i gang med reguleringsarbeidet for tomta.

Her får staten ein ypparleg sjanse til å føre arbeidsplassar ut i distriktet på ein enkel måte, seier Midlang.

Planane klare

– Dette er heilt topp for fengselet sin del, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim.

Roy Egil Stadheim

HAR PLANANE KLARE: Roy Egil Stadheim er leiar for fengselet i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Planane for ei utviding av fengselet i Vik med 30 nye soningsplanar har lenge vore klare. Planen er kostnadsrekna til 40 millionar kroner, og vil kunne gi 25 nye statlege arbeidsplassar i den vesle sognekommunen.

– Nå Sogn og Fjordane Høgre gjer dette så det eit signal frå regjeringa som vi absolutt treng, seier Stadheim.

Norge eller Nederland

Men sjølv om Høgre no vil ha fortgang i utvidinga av fengselet i Vik, er det Framstegspartiet som sit med justisministeren. Så langt har dei vore meir opptekne av å sende norske fangar til Nederland for å få ned soningskøen.

Morten Midlang, leiar i Vik Høgre

STATLEGE ARBEIDSPLASSAR: Morten Midlang er leiar i Vik Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er jo litt trist men vi ser jo at Frp som styrer justis, har fronta Nederlands-alternativet. Her har vi eit kjempegodt alternativ for å behalde desse arbeidsplassane i vårt eige fylke, seier Midlang.

I Vik er fengselsleiaren likevel optimistisk.

– Soning i Nederland er ein overgangsperiode, og no har Frp lova å kome til Vik for å besøke fengselet om ikkje så lenge, så eg har god tru på at vi får dei med oss også, seier Stadheim.

Håpar på byggestart i år

Dersom regjeringa stiller med dei 40 millionane som utbygginga er kostnadsrekna til har Stadheim godt håp om å kome i gang med bygginga allereie i år.

– Eg vil tru vi skulle kunne byrje å bygge i 2016. Det vil sjølvsagt gå litt tid med anbodsrundar og slikt, men vi er klare til å byrje å bygge når vi får beskjed, seier Stadheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser