Frp-leiar meiner ein kan kutte jordbruksforhandlingane og heller løyve pengane over statsbudsjettet

– Bøndene er så kravstore at vi like godt kan legge ned heile forhandlingsinstituttet, seier fylkesleiar i Frp i Sogn og Fjordane Lars Svein Drabløs.

Lars Svein Drabløs med Frp-logo

JORDBRUKSOPPGJERET: Lars Svein Drabløs er fylkesleiar for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Klokka 11 torsdag føremiddag fekk landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kravet frå bøndene. Dei vil ha 1. 830 millionar kroner i årets jordbruksoppgjer. Det meiner fylkesleiaren i Frp i Sogn og Fjordane er overkant.

– Min første reaksjon er at dette er urealistisk, seier Drabløs.

Bøndene på si side meiner det må vere såpass, skal dei kunne byrje å ta igjen andre grupper i høve inntekter. Får dei innfridd årets krav vil det kunne gi ein inntektsauke på 25. 300 kroner.

– Dette er ein forhandlingstaktikk for å få handsaminga av jordbruksoppgjeret over til Stortinget, seier Drabløs.

Over statsbudsjettet

Drabløs meiner krava frå bøndene berre har blitt større og større år for år.

– Eg har vel kome dit hen at eg meiner det er fornuftig å legge ned forhandlingsinstituttet, og heller legge inn midlar til landbruket gjennom statsbudsjettet, seier Drabløs.

– Kvifor legge ned forhandlingane?

– No hamnar sannsynlegvis landbruksoppgjeret i Stortinget. Det er ein vilja politikk frå Bondelaget. Vi såg kva som skjedde i fjor, og kva som har vore tendensane åra før. Eg meiner det er på tide å sjå på andre måtar å dekke opp dei midlane vi gir til landbruket, seier Drabløs.

Provosert over utspel

Utspelet frå Drabløs fell ikkje akkurat i god jord hjå fylkesleiar Ander Felde i Bondelaget i Sogn og Fjordane.

Anders Felde

PROVOSERT: Anders Felde er leiar for Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Dette tykkjer eg er provoserande av Frp. Det er ei mindretalsregjering sitt fordømte ansvar å sjekke med Stortinget kva som er handlingsrommet og kva dei har å forhalde seg til, seier Felde.

Han seier eit lågt tilbod frå regjeringa ikkje berre vil provosere bøndene, men også Stortinget.

– Vi har ei regjeringa som må undersøke med Stortinget kva handlingsrom dei har før dei kjem med eit tilbod til oss bønder. Gjer dei det, så tek vi og vare på forhandlingsinstituttet, seier Felde.

– Men har ikkje bøndene også eit ansvar for å kome med edruelege krav i jordbruksoppgjeret?

– Vårt krav er edrueleg. Inntektsveksten er på 25 000. Vi tettar ikkje lønsgapet mot andre grupper, men vi byrjar å gjere det. Det var også noko vi fekk klar marsjorde om frå Stortinget i jordbruksmeldinga som vart lagt fram i fjor, seier Felde.