Hopp til innhold

Vil ha slutt på internt Høgre-bråk

LOEN (NRK): Det skal ikkje bli fleire mediesaker om internt bråk i Sogn og Fjordane Høgre. Det er målet til nyvalt fylkesleiar Vidar Grønnevik frå Flora.

Vidar Grønnevik

VIL HA RO: Nyvald leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, håpar det no kan bli ro i partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Som sitt første arbeidsmål har han sett opp drøftingar om korleis fylkeslaget skal takle konfliktar. Den siste tida har det vore fleire interne stridar i Sogn og Fjordane Høgre.

No vil Grønnevik dei negative sakene til livs.

– Vi har hatt nokre mediesaker vi godt kunne vore forutan, vedgår han.

Fleire saker om internt bråk

I januar fortalde dåverande fylkesleiar i Unge Høgre, Amanda Solvåg, til NRK at ho har kjent seg trakassert og mobba av fylkessekretær Ingvar Myrvollen . Myrvollen har avvist desse skuldingane. Etter eit møte mellom leiinga av fylkespartiet, generalsekretæren i partiet og dei impliserte partane vart det konkludert med at det ikkje var tale om mobbing eller trakassering.

I byrjinga av februar vart fire av fem medlemmer i Unge Høgre-styret kasta under generalforsamlinga, og ingen av valnemnda sine forslag vart vedtekne. Tidlegare styreleiar Lise-May Sæle fortalde då til NRK at ho var opprørt over det ho meinte var lovbrot og ugyldige innblandingar på møtet, og saman med seks andre medlemmer klaga ho det omstridde fylkesårsmøte inn for sentralstyret. Dei avviste seinare klagen.

I tida opp mot fylkesårsmøte i helga har det lenge også vore klart at partiet har vore delte i synet på kven som er best eigna til å leie partiet vidare.

Vidar Grønnevik jublar på fylkesårsmøte

SIGERHERRE: Vidar Grønnevik jubla då fleirtalet på fylkesårsmøtet valte han som ny fylkesleiar i Høgre. Noralv Distad (t.v.) var favoritten til valnemnda, men han nådde ikkje opp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vann med 62 mot 42 røyster

Vidar Grønnevik frå Flora vart i går valt i ein val-thriller under fylkesårsmøte. Noralv Distad var favoritten til valnemnda, med ei kampvoteringa enda med 62 røyster til Grønnevik og 42 til Distad.

Grønnevik meiner valet var heilt udramatisk.

– Det var eit heilt greitt val synest eg. Eg er glad for eigen del av det gjekk som det gjekk, men eg kunne også godt ha levd med utfallet om det vart det motsette, seier han til NRK.no.

– Lojalitet og disiplin

Han er klar på kva som blir hans første oppgåve i fylkespartiet.

– Det første vi skal ta ein diskusjon på, er å gå gjennom dei organisatoriske spelereglane vi har, seier Grønnevik og viser til dei mange mediesakene med negativt forteikn.

– Vi må greie løyse det før det blir konfliktsaker ut av det, eller at sakene blir så store at det i det heile teke er mediestoff.

Han meiner dette er mogleg, og seier openheit og gode prinsipp må til om dei skal få det til.

– Så må det vere litt lojalitet og disiplin, om vi har noko å utsetje på noko må vi ta det internt først, seier fylkesleiaren.

Han meiner saker med negativt forteikn, uansett kva type sak det er, har negativ effekt for omdømet til partiet. Samtidig er han oppteken av at diskusjon skal ha mål om å ta lærdom.

– Vil det no bli ro i Sogn og Fjordane Høgre?

– Det håpar eg inderleg. Eg veit ikkje om noko som ligg og gneg no.

Gratulasjonsklem til Vidar Grønnevik

GRATULASJON: Noralv Distad gratulerte Vidar Grønnevik etter at valresultatet var klart.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK