NRK Meny
Normal

Vil ha slutt på gratisflukt

Sogndal vil i framtida krevje pliktår i klubben for unge spelarar som har blitt satsa på. Dei siste åra har svært mange spelarar gått gratis frå klubben fordi dei ikkje vil forlengje kontrakten.

Egil Mundal

TØFFARE LINJE: Egil Mundal i Sogndal Fotball varslar at dei vil stille tøffare krav til unge spelarar som får utvikle seg i klubben.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, seier til Sogn Avis at dei no vil føre ei tøffare linje mot dei unge spelarane i klubben. Ei oversikt som avisa har laga viser at det i løpet av dei siste åra knapt har vore ein einaste overgang som har gitt pengar i kassen for Sogndal.

No gjer klubben grep for å hindre gratisflukt av unge spelarar, skriv avisa.

Vil krevje pliktår i klubben

Mundal seier til Sogn Avis at det er greitt at spelarar som til dømes Kenneth Udjus, Rune Bolseth og Henrik Furebotn går gratis. Han viser mellom anna til at dei to sistnemnde har vore i lang og tru teneste for klubben.

Men det klubben ikkje lenger vil akseptere er at utviklingsspelarar som har fått utvikle seg i Sogndal og som klubben har brukt mykje tid og energi på vurderer å gå gratis frå klubben.

– Det er eit generelt problem som vi nektar å vere ein del av framover, seier Mundal til Sogn Avis.

Han viser til at det er fleire hundre personar som jobbar gratis for klubben og at dette er vanskeleg å få til dersom dei unge spelarane som blir satsa på ikkje vil bidra.

– Alle blir satsa på her i Sogndal, ofte før dei er klare for det. Det vi krev tilbake er nokre pliktår i klubben, før dei kan seljast vidare, seier Mundal til avisa. Han viser vidare til at Even Hovland i så måte er eit god eksempel og at han vart selt når tidspunktet var rett.

Vil jobbe med haldningane

Mundal seier sogneklubben vil køyre ei hard linje mot unge spelarar som ikkje vil skrive ny kontrakt med klubben. Dei som prøver seg på det vil bli møtt med mindre toleranse enn dei har gjort til no.

– Vi skal bli betre til å forankre desse haldningane hos våre yngste spelarar, då det er til det beste for alle partar at dei vert selt, og ikkje reiser gratis, seier den daglege leiaren til Sogn Avis.

Mundal presiserer samtidig at budsjettet til Sogndal Fotball ikkje er avhengig av spelarsal, men at dette uansett er med på å gje større moglegheiter for resten av spelarstallen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser