Hopp til innhold

Vil ha slutt på Framtidsfylket brukar engelsk

No må det bli slutt på engelskjåleriet, meiner ein utflytta fjording. Ungdommen likar det, svarar den ansvarlege tilflyttaren.

Framtidsfylket

JÅLERI ELLER IKKJE? Styremedlem i Norgegs Mållag og Framtidsfylket er usamde om dette.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Hovudstaden har fått universitetet OsloMet. I Vestlandshovudstaden har mediebedriftene samla seg i Media City Bergen.

Og når Framtidsfylket skal lokke ungdom til Sogn og Fjordane, er det med utsegner som «Don't be invisible», «Don't get trapped» og #beasognandfjording.

Tykkjer engelsk er unødvendig

Peder Lofnes Hauge

NEGATIV: Peder Lofnes Hauge vil ha slutt på engelske uttrykk i reklamemateriellet.

Foto: Privat

Dette likar ikkje Peder Lofnes Hauge frå Gloppen. Han bur i Bergen og er styremedlem i Noregs Mållag.

– Dette engelskspråklege jåleriet rir det norske språket som ei mare. Det spreier seg i større og større grad. Ikkje er det veldig bra, og eg trur ikkje det treffer ungdommen slik Framtidsfylket hevdar.

Han meiner at å bruke engelsk vitnar om manglande språkleg sjølvtillit.

– Framtidsfylket rettar seg mot unge som snart er ferdige med utdanning, og målet er å lokke dei heim. Det er mykje bra å seie om Sogn og Fjordane og Framtidsfylket, men eg vil allefall ikkje heim til eit fylke som trur dei er nøydde til å skrive engelsk

Målet er ein stoppeffekt

Gro Rukan

POSITIV: Gro Rukan som er avtroppande dagleg leiar i Framtidsfylket, seier dei har sett ein god effekt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Gro Rukan som er avtroppande dagleg leiar i Framtidsfylket som dei siste åra har nytta engelske uttrykk.

– Eg er samd i at språk er viktig, og eg stolt over nynorsken. Nettsida vår er på nynorsk og artiklane vi skriv er det også.

– Men alt er ikkje på nynorsk?

– Marknadsføring er å få folk til å stoppe opp. Vi har valt bevisst å ikkje spele på bilete av fjord og fjell. Vi har valt bilete som får folk til å stoppe opp. Framtidsfylket som organisasjon jobbar for næringslivet. Vi jobbar for å få mest mogleg kompetanse til fylket slik at vi kan får verdiskaping.

Ho seier at dei ikkje driv eit heimatt-prosjekt, men at dei vil ha tak i dyktige folk.

– Vi er ikkje opptekne av om du er barn av Sogn og Fjordane eller noko anna. Det handlar difor om å få ein stoppeffekt. Dette er ein del av ein treårig kampanje, og vi ser ein kjempeeffekt. 75 prosent av søkjarane til traineestillingane kjem frå andre fylke.

Meiner språkdebatt er bra

At dei har dårleg språkleg sjølvtillit, vil ho ikkje vere med på.

– Eg håper vi kan vere såpass romslege at vi kan tørre å gjere ting utan å bli «naila» for det. Mandatet vårt er ikkje ein nynorskdebatt, det er å vise fram karrieremoglegheiter og vere talerøyr for næringslivet.

Peder Lofnes Hauge seier at når Framtidsfylket jobbar på vegner av næringslivet, så er ikkje dette ein ubetydeleg debatt.

– Nynorsk er noko særeige i Sogn og Fjordane og bør vere viktig for alle bedrifter som driv her. Men eg tenkjer at all språkdebatt er bra.