NRK Meny
Normal

Etter tre dødsulukker vil innbyggjarane ha slutt på basehoppinga

Etter tre dødsulukker på halvannan månad, meiner innbyggjarane i Aurland det er på tide å forby basehopping.

På halvannan månad har tre basehopparar omkomme i Aurland kommune. 
No vil ordføraren innføra restriksjonar.

SJÅ TV-SAK: I sommar har tre basehopparar mista livet i Aurland. No ynskjer innbyggjarane forbod mot ekstremsporten.

Sidan slutten av juli har den vesle kommunen ved Sognefjorden opplevd at tre basehopparar har omkome i bygda deira.

Mons Loven frå Vassbygdi seier det har fått bygdefolket til å reagere kraftig på ekstremsporten.

Mons Loven

VIL HA SLUTT: Mons Loven vil ha slutt på basehoppinga i Aurland.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Her er mange no etter kvart som har byrja å meine at vi må prøve å forby dette. Eg håpar kommunen tek tak i det og gjer det dei kan for å få stogga det. seier han.

– Ikkje forsvarleg

Loven opplever rett som det er å få basehopparane rett over hustaket hans. Fallskjermane opnar seg rett før landing. I helga gjekk nok eit basehopp gale, då hoppet til ein erfaren basehoppar i 30-åra frå Bergen ikkje gjekk som planlagt.

Medan to av dødsulukkene i sommar har vore i Gudvangen, skjedde ulukka søndag i Vassbygdi.

– Det er så stor risiko at det ikkje er forsvarleg å halde fram utan restriksjonar, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

30 liv på 30 år

Even Flo

ERFAREN: Even Flo har mange basehopp bak seg.

I snitt har ein basehoppar mista livet årleg siste 30 åra. Likevel held ekstremsportutøvarar fram med å kaste seg utfor fjellsider.

Utøvarane sjølve meiner forbod ikkje er rette vegen for å hindre fleire fatale basehopp. Stryningen Even Flo har sidan 1998 gjort fleire hundre basehopp. Han trur eit forbod utløyser fleire problem.

– Det er ikkje slik at det ikkje vil bli hopping likevel. Det utløyser veldig mange andre dilemma, og slik eg ser det, undergrunnshopping. Det fører til mindre flyt av informasjon og lærdom innan sporten, seier han.

– Mange går for langt

– Når ein blir rådvill, og ikkje veit så mykje om ting, så står ein ofte tidleg på barrikadane og vil forby. Men det er ikkje berre å forby ein ting. Du har andre risikoidrettar og skal desse også forbyast, eller skal ein berre forby basehopping, undrar Flo.

I Hordaland har Kjersti Eide har gjort nær 200 basehopp. Både Eide og Flo forstår at folk reagerer negativt etter tre dødsulukker på så kort tid. Ho meiner utøvarane sjølve må gjere ein jobb for å unngå fleire ulukker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trygve Skjerdal viser kvar den omkomne basehopparen vart funnen.

FATALT: Fjella i Aurland er populære hos basehopparane, men i sommar har fleire hopp enda fatalt. Trygve Skjerdal i Aurland Røde Kors viser kvar den omkomne basehopparen vart funnen i helga.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg er bevisst på kven eg hoppar med og ikkje. Enkelte tek for farlege val, og har haldningar som eg ikkje likar, seier Eide og meiner fleire basehopparar enn tidlegare strekkjer strikken for langt.

Håpar ikkje på forbod

Ekstremsportveko på Voss har hatt basehopping som del av programmet sitt i 16 år. Dagleg leiar Sofie Torlei Olsen, håpar å kunne ha det også i framtida.

Torlei Olsen har tidlegare sagt at ho ikkje ynskjer forbod, men heller tryggare ramme og betre informasjon rundt tryggleiken.

– Vi ynskjer og håpar at det ikkje blir forbod i Gudvangen der vi har konkurransane våre, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser