Hopp til innhold

Føler seg pressa til å betale guidane for å få kundar

Turistar i grupper får ikkje sjølv velje kva suvenirbutikkar dei skal gå til og guidane tek betalt av butikkeigarane. No vil ein ha slutt på denne praksisen.

Torghandel i Flåm

IKKJE VALFRITT: Spesielt kinesiske guidar let ikkje turfølgjet sitt få gå fritt mellom salsbuer og suvenirbutikkar, som her i Flåm.

Illustrasjon: Arne Veum

Det er spesielt kinesiske guidar, som ikkje får løn frå reiseselskapa, som spør etter provisjon basert på kor mykje gruppa deira handlar folk.

Nokon vil gjerne ha kontantar, andre kjem med sitt private kontonummer, medan andre igjen gjerne tek bilete av kvitteringane til reisefølgjet og sender ein slags faktura i etterkant.

Praksisen med at guidar får provisjon for å lokke turistar til butikkar er omstridd. Både i bransjen og blant juristane og politikarane er det delte meiningar om kor vidt den er lovleg.

– Utidig måte

Direktør i Kristian Jørgensen i Fjord Noreg seier at dagens praksis uansett er uheldig.

Kristian Jørgensen

VIL RYDDE OPP: Direktør Kristian Jørgensen i Fjord Noreg.

Foto: NRK

– Dette er ein utidig måte å drive forretning på, at ein guide skal ha ein privat avtale med butikken. I tilfelle vi skal ha slike ordningar, må vi løfte det fram i lyset og gjere det til ein avtale mellom turoperatøren og butikken. Gjestene må og verte informerte om at det finst ein slik avtale.

– Negativt for Noreg

Dei bedriftene som nektar å betale risikerer å miste kundar. Mange meiner difor at praksisen også er konkurransevridande. Praksisen også kan få uheldige konsekvensar for turistane.

Torghandel i Flåm

IKKJE VALFRITT: Spesielt kinesiske guidar let ikkje turfølgjet sitt få gå fritt mellom salsbuer og suvenirbutikkar, som her i Flåm.

Illustrasjon: Arne Veum

– Det er ikkje sikkert dei vert oppmoda om å gå i dei beste og billegaste butikkane. Dette er ikkje med på å skape den beste opplevinga for turistane. Då vil dei reise heim og potensielt snakke nedsettande om Noreg, som til dømes å seie at Noreg er veldig dyrt når realiteten er at det faktisk er billegare om dei hadde blitt oppmoda om å gå i kva som helst butikk.

Utelukkar ikkje forbod

Stortingsrepresentant Tore Storehaug frå Kristeleg Folkeparti utelukkar ikkje at det kan verte aktuelt å forby turistverksemder å betale provisjon til guidar. Han ønskjer ei innstramming av lovverket.

– Eg vil ikkje at turistane berre skal verte guida inn og frårøva breidda i opplevinga.

Storehaug seier næringsdepartementet no greier ut saka og eventuelle tiltak. Det er lova at arbeidet skal vere klart før sommaren. Ifølgje Storehaug er det tverrpolitisk semje om at eitkvart må gjerast.

– Når eg ser det politiske trykket i denne saka, så er det tydeleg at fleire som meiner det må strammast inn og at vi må få på plass tydelegare reglar.

– Vi må stå for prinsippa

Jørgensen i Fjord Noreg håpar politikarane no ryddar opp.

– Praksisen stemmer ikkje overeins med den demokratiske tenkemåten vår. Dette er noko vi ofte ser i asiatiske land. Då tenkjer eg at vi får stå for prinsippa for korleis vi meiner det skal drivast butikk, og då må det gjelde alle og ikkje berre enkelte av oss.