Hopp til innhold

Vil ha sjakk som skulefag

SANDANE (NRK): Sjakkfeberen herjar landet, og fleire tek no til ordet for at den veksande idretten også bør inn i skulen.

Born spelar sjakk

KONSENTRERTE: Leiaren i sjakklubben fortel at ungane som driv med sjakk lærer seg å sitje konsentrerte tidlegare enn andre.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sverre Folkestad

HAR TRUA PÅ SJAKK: Sverre Folkestad trur sjakk i skulen kan gje gode resultat

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Når ungane tek til å spele sjakk, så roar dei seg heilt ned. Dei blir faktisk sitjande i timevis i full konsentrasjon, seier Sverre Folkestad i Sandane sjakklubb.

For tida spelar verdas beste sjakkspelar Magnus Carlsen i VM i sjakk, og interessa for sjakk har med det fått ein oppsving.

Den lokale klubben i Gloppen har delt ut sjakkbrett i gåve til alle skulane i kommunen. Håpet er at sjakk kan kome inn som eit eige fag i ungdomsskulen.

– Om vi får det inn i skulen, kan fleire unge få sjansen til å prøve seg og oppdage at sjakk er noko for dei, seier Folkestad.

I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.

SJÅ VIDEO: I Gloppen har alle skulane fått sjakkbrett av sjakklubben, og no vil dei ha meir sjakk i skulen

Krav til valfag

Leiar i utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, er i utgangspunktet positiv til å få meir sjakk inn i skulen.

– Sjakk kan vere positivt for både konsentrasjon og hukommelse, og kanskje også matematikk og logikk.

Steinar Strømsli

KAN BLI VANSKELEG: Steinar Strømsli trur det kan bli vanskeleg å gjere sjakk til eit eige fag, men har trua på å få meir sjakk inn i skulen

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Han understrekar likevel at å innføre det som eit eige fag kan bli krevjande

– Problemet er at det er ganske strenge krav til det som skal bli valfag i ungdomsskulen. Det må vere fag med ein karakter som ein nyttar når ein søkjer seg inn på vidaregåande skulen. Skal ein kunne ha eit sjakkfag må ein i alle fall løyse opp på desse reglane, trur Strømsli.