NRK Meny
Normal

Møte på grensa for å diskutere storkommune

Ein storkommune i indre Nordfjord med Hornindal som kommunesenter. Dette kan bli ein realitet dersom hornindalsordføraren får det som ho vil.

Anne Britt Øen Nygård og Jan Ove Tryggestad

OVER GRENSA: Ordførarane i Stranda og Hornindal ser over fylkesgrensa for kommunesamanslåing. Begge legg vekt på alt dei har felles, og er opne for at fleire kommunar i Nordfjord vert med i ein storkommune.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi ligg jo eigentleg midt i, med mange kommunar rundt, så det er ikkje urealistisk, seier ordførar i Hornindal, Anne Britt Øen Nygård.

Tysdag møtte ho partifelle i Senterpartiet, Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad, på fylkesgrensa mellom dei to kommunane for ein uformell prat om samanslåing.

– No ser eg til Møre. Det er gardsbruk her inne, rett over grensa. Vi har alltid hatt veldig nær tilknyting til Stranda.

Den siste store bølgja av kommunesamanslåingar kom på 1960-talet, og kommunalminister Jan Tore Sanner har starta ein omfattande prosess der målet er langt færre og større kommunar i Norge. Sanner lokkar med gulrøter i form av store økonomiske overføringar til dei som slår seg saman frivillig.

– Vi høyrer i hop

Dei som nektar å vere med i prosessen mot frivillige samanslåingar, kan i yttarste konsekvens bli tvinga til å slå seg saman med andre, samtidig som dei misser dei økonomiske gulrøtene.

Øen Nygård er ordførar i den grisgrendte landbrukskommunen Hornindal, med berre 1200 innbyggjarar. Ho ser inn i storebror Stranda i aust, ein av fleire industrikommunar på Sunnmøre med om lag 4500 innbyggarar.

– Eg har veldig lyst på eit lokalt folkestyre, slik vi har i dag, og ikkje eit sentralisert politisk styresett. Men vi er jo tvinga til å greie ut forskjellige samanslåingar, seier Øen Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Britt Øen Nygård og Jan Ove Tryggestad

UFORMELT: Ingenting vart vedteke på fylkesgrensa, men dei to partifellene møttest for ei samtale om kommunesamanslåing, og begge ser til kvarandre.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette er bakteppet for at ordførarane møttest på fylkesgrensa. Nygård nemner kommunane Stranda, Volda, Stryn og Eid som aktuelle for ein framtidig storkommune.

– Grunnen til at det er interessant er at vi har ein god del lik næringsstruktur. Vi har også ein del pendlartilstrauming inn til desse kommunane. Det er jo indikatorar på at vi høyrer litt i hop, seier ordføraren i Hornindal.

Jan Ove Tryggestad møter naboordføraren og partifellen med jamne mellomrom, og er også begeistra for tanken om samanslåing på tvers av fylkesgrensa.

– Vi har mykje til felles, spesielt knytta til samferdsle og vegspørsmål. I tillegg har vi hatt samkvem med honndølene i generasjonar. Det var jo ferdselsåra, og den trondheimske postvegen gjekk over her, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Les meir om kommunesamansdebatten i Sogn og Fjordane:

– Ålesund lokkar ikkje

Øen Nygård er ikkje redd for at fylkesgrensa skal setje ein stoppar for samanslåingar.

– Dei har jo opna opp for at vi skal sjå over fylkesgrensene no, og det tykkjer eg absolutt vi må gjere når vi skal til med ei så stor samanslåing som regjeringa legg opp til.

Strandaordføraren vil ikkje utelukke at kommunen hans kan gå sørover og verte del av Sogn og Fjordane fylke. Han seier at Stranda no forsøker å definere si rolle og posisjon.

– Vi ser av karta som vert teikna, både av embetsfolk og politikarar, at denne storkommunen med Sunnmøre og Ålesund som motor, ikkje er veldig forlokkande for innbyggjarane i Stranda. Det har med avstand og fjord og fjell, seier Tryggestad.

– Det er meir forlokkande og å ha ein veslebror som kan gå inn i samarbeidet?

– Eg er litt usikker på konklusjonen din der. Når vi snakkar om veslebror ser eg føre meg at det er Hornindal og eventuelt Stryn som kan vere med på ein slik diskusjon. Då er ikkje Stranda nødvendigs storebror.

– Eit veldig positivt teikn

Forutan Hornindal blir Volda, Stranda, Eid og Stryn lansert til å vere med i storkommunen.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er glad for at Hornindal opnar for ein ny storkommune, men stiller seg lunken til at Hornindal skal peikast ut som kommunesenter.

– Det er vel ikkje der vi vil byrje vår prosess, seier venstrepolitikaren Bjørlo.

– Men eg tek det som eit veldig positivt teikn at ein Senterparti-ordførar i ein liten kommune i Nordfjord ønsker å gå frå små kommunar til store regionkommunar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.