Hopp til innhold

Vil ha røykeforbod i skuletida

Utdanningspolitikar Edith Aarebrot Madsen (H) går inn for at det skal bli forbode å røyke og på dei vidaregåande skulane i fylket.

Edith Aarebrot Madsen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- No er det att berre tre fylke som ikkje har slikt forbod, og Sogn og Fjordane er altså eitt av dei, seier ho.

- Store konsekvensar

- Eg er på linje med Kreftforeningen i denne saka, det å røyke har så store konsekvensar for helsa vår at vi må sjå nøye på kva vi kan gjer for å kome med førebyggande tiltak og at fleire sluttar å røyke.

- Feil veg i Sogn og Fjordane

- Eg vil ta saka opp i Opplæringsutvalet. For nokre år sidan var Sogn og Fjordane det fylket der det var minst røyking, no er vi på landssnittet, så det går feil veg.

- Høgre-politikk

- Men er det i tråd med Høgre sin politikk å gripe inn i privatlivet til folk på denne måten?

- Vi går ikkje inn i heimen til folk og regulerer, skulen er ein offentleg stad, og vi har eit ansvar, og eg trur at elevane ser dette når dei får tenkt seg om. For meg som har arbeidd med helse heile livet meiner eg røyking har så mykje å seie for helsa vår at vi berre er nøydde til å gjere førebyggande tiltak. Dette meiner Høgre på landsbasis og.

I fylkestinget seinare i år

Nils R. Sandal

Også fylkesordførar Nils R. Sandal varslar at fylkeskommunen vil ta opp saka om forbod mot røyk og snus på vidaregåande skular.

- Vi er i gang med å utgreie ei sak til fylkestinget seinare i år, men det krev grundig førearbeid, vi må få det vurdert juridisk, og vi må involvere elevorganisasjonane.

- Men det er klart at vi må gjere det vi kan for å avgrense skadeverknader ved røyking og snusing, for vi er på ein måte medansvarlege når det er lov å røyke og snuse i skuletida.