NRK Meny

Vil ha ro kring barnevernet

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll manar no til ro rundt forholda i Sogn barnevern, skriv Sogn Avis. Avisa avslørte laurdag at tre tilsette i barnevernet i Sogn har fått erstatning fordi dei blei mobba på arbeidsplassen. Aarvoll peikar på at dei tilsette i barnevernet er under sterkt press og at dei tilsette no må få arbeidsro.