Hopp til innhold

Regjeringa ber domstolane seie kven dei kan tenkje seg å bli slegne i hop med

Regjeringa utfordrar alle domstolar i landet til å seie kven dei kan tenkje seg å slå seg saman med. Det tykkjer jordskifterettsleiar ved Nordfjord jordskifterett, Eiviind Helleland, er meiningslaust.


Eivind Helleland

TRENG MEIR FOLK: Jordskifterettsleiar ved Nordfjord jordskifterett, Eivind Helleland, meiner det trengst fleire tilsette, ikkje strukturendringar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I eit brev til domstolsadministrasjonen ber dei leiarane for lagmannsrettar, tingrettar og jordskifterettar om tilbakemelding på korleis dei ser på det å slå seg saman.

Jordskifterettsleiar Eivind Helleland ved Nordfjord jordskifterett fryktar for framtida til dei lokale domstolane kring om i landet.

– Vi må vere i nærleiken av det vi skal arbeide med. Å sentralisere jordskifterettane inn til bysentera, vil vere eit grunnleggjande feil grep, seier jordskifteleiaren på Nordfjordeid, Eivind Helleland.

Domstoladministrasjonen meiner at det bør vere minst åtte til ti dømmande årsverk per tingrett, noko som betyr at ein må leggje ned eller slå saman ulike domstolar. 48 tingrettar i landet er i denne situasjonen og 34 jordskifterettar her til lands kan bli færre.

Etterlyser ein samla plan

No må han, til liks med dommarar over heile landet, svare Domstoladministrasjonen på om dei er positive til å slå seg saman med andre domstolar.

I eit brev til Domstoladministrasjonen ber Justisdepartementet om svar på korleis lokale rettsleiarar stiller seg til strukturendringar. Bakgrunnen er planar om store omleggingar i justissektoren.

Helleland meiner det er merkeleg at lokale dommarar skal vurdere eit politisk spørsmål.

– Kva eg som domstolsleiar her måtte meine om det spørsmålet, meiner eg er bortimot uinteressant. Eg og vi her, og mange med oss, etterlyser ein samla plan som faktisk har ein tilslutnad på høgste politiske nivå for at vi skal kunne leggje det til grunn for slike store endringar, seier Helleland.

– Dersom vi får eit brev der dei spør om vi er positive til det eller ikkje, så kan vi ikkje svare på det spørsmålet. For det er meiningslaust, seier Helleland.

Meiner det er fleire argument for dagens struktur

Og han er ikkje åleine om å vere uroa for framtida. Sorenskrivar ved Sogn tingrett Harald Hjermann ser at domstolen han er leiar for kan vere i fare.

– Min vurdering så langt er at det er fleire argument for å halde oppe den strukturen vi har, seier Hjermann.

Men han påpeikar at det finst fylke som har tettare mellom domsstolane enn Sogn og Fjordane.

– Østfold har fem domsstolar der lengste reisetid er ein time, og i løpet av ein time kan du vitje fem domsstolar. Då kan eg forstå at departementet vil sjå nærare på strukturen. Men Sogn og Fjordane ser litt annleis ut enn Østfold, seier Hjermann.

Vil modernisere strukturen

I brevet får Justisdepartementet står det at ein reduksjon i talet politidistrikt og færre lensmannskontor vil kunne få betydning for kor tingrettane bør ligge. .

Frå før har Domstoladministrasjonen konkludert med at det bør bli færre domstolar. Større rettseiningar vil vere meir fleksibelt, mindre sårbart og styrke det faglege og sosiale miljøet.

Statssekretær i Justisdepartementet Vidar Brein Karlsen seier det er aktuelt å sentralisere.

– Vi ønskjer å modernisere heile domstolsstrukturen, og sjå om det går an å auke kapasiteten. I samband med det vil vi sjekke ut med dei ulike domstolsleiarane kva oppfatning dei har av moglege samanslåingar, og sjå om dei ser nokon potensielle gevinstar av slike samanslåingar, seier Karlsen.

– Ligg det i det at regjeringa legg opp til færre tingrettar og jordskifterettar i tida som kjem?

– Vi må sjå, seier Karlsen.

Treng fleire tilsette

Men Eivind Helleland seier at jordskifteretten i Nordfjord bør ha ei framtid, trass i at talet tilsette er under det Domstoladministrasjonen meiner er ideelt.

Sakstilfanget for jordskifterettane har auka dei seinare åra, og ein slit med å få tatt unna alle sakene. Han meiner det trengst fleire tilsette, ikkje nedlegging.

– Vi har absolutt behov for å bli større, og det er av heilt andre grunnar enn det som vert flagga høgt her. Vi har så mykje arbeid at vi må bli fleire der vi er, seier Helleland.