Hopp til innhold

Vil ha regjeringa på bana for å redde fiskeriarbeidsplassar

Miljøpartiet Dei Grøne meiner dagens lovverk ikkje er godt nok. Dei meiner privat næringsliv har for mykje makt.

Rasmus Hansson

KRITISK: – Vi kan ikkje ha det slik, seier Rasmus Hansson om klausulen som ligg føre på anlegget i Florø. Han vil ta saka opp med regjeringa og Stortinget om han må.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er heilt uakseptabelt at einskildverksemder kan bestemme kvar ressursar skal kunne landast og gje verdiskaping, seier talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Rasmus Hansson.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

STRIDENS KJERNE: Kva verksemd skal det vere her? Pelagia har lagt ned fabrikken på området, og vil ikkje at andre skal få drive liknande verksemd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Pelagia har bestemt seg for å legge ned sildeoljefabrikken i Florø, noko som kan bety slutten for byen som sildeby. I avtalen som vil følgje eigedomen ved eit eventuelt kjøp vil det vere ein klausul mot å starte pelagisk aktivitet utan Pelagia sitt samtykke. Kravet får miljøpartiet til å stusse.

– Dette må rettast på, for vi kan ikkje ha det slik. Det er naturleg å anta at regjeringa er samde, så vi vil ta det opp med fiskeriministeren på Stortinget, seier Hansson.

Pelagia seier at dei ikkje ynskjer å kommentere saka, men har stadfesta overfor NRK at det vil vere ein klausul knytt til eigedomen. Egil Magne Haugstad i Pelagia seier at dei ikkje vil kommentere kva enkelte meiner, men forheld seg til det som skjer.

Meiner kommunen må gripe inn med tvang

Også ved eit tidlegare anlegg i Måløy har Pelagia hatt ein liknande klausul. Der tok noverande eigar usemja inn i rettssystemet, og for kort tid sidan vart det klart at Pelagia har lovverket på si side, og kan bestemme kva aktivitet som skal vere på eigedomen etter sal.

Martin Igland Malkenes

PROBLEMATISK: – Om selskap bestemmer konkurransevilkåra, så har vi eit alvorleg problem, meiner Martin Malkenes.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det er mykje som tyder på at det spesifikke lovverket fungerer slik her og no, poenget er at vi ikkje kan ha det slik, seier Hansson.

Kommunen er no i samtalar med Pelagia for å prøve å sikre ny aktivitet i fabrikken. Kommunesthyrerepresentanten frå Miljøpartiet Dei Grøne meiner det ikkje er nok.

– Kommunen bør sjå på om det er mogleg å tvinge Pelagia til å opne for konkurranse. Einskildselskap kan ikkje bestemme korleis næringsutviklinga i Florø skal vere. Vi har lagt ned store ressursar for å lage ei fiskerihamn, og vi skal ha noko igjen for det, seier Martin Malkenes frå MDG.

Han vil ta saka opp i plan- og samfunnsavdelinga i kommunen neste veke. Rådmann Terje Heggheim trur det er lite kommunen kan gjere, for klausulen vil gjelde uansett.

– Kommunen er ikkje den aktøren som kan få dette til. Det må vere næringa sjølv som finn ei løysing. Slik eg vurderer det no, så er det eit stykke fram før det skjer.

Terje Heggheim

KOMMUNEN: – Vi kan ekspropriere, men det er ein tung veg å gå. Vi vil heller ikkje kunne forhandle oss vekk frå klausulen om kva bygget skal brukast til, seier rådmann i Flora kommune, Terje Heggheim.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Hansson set si lit til regjeringa, men er klar på at partiet vil gå lenger om dei må.

– Då må vi utarbeide forslag på Stortinget om lovendringar eller andre typar tiltak. Eg håpar alle parti på Stortinget er samde om dette.