Hopp til innhold

Vil ha E39 i tunnel i Gaular

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

E39 er så rasfarleg i Gaular at Statens vegvesen vil byggje tunnel.

Hovudvegen gjennom fylket er så rasutsett langs Økslandsvatnet i Gaular at Statens vegvesen vil byggje ny tunnel.

– Vi føreslår tunnel i reguleringsplanen som blir lagd ut på høyring i byrjinga av februar, seier senioringeniør Hans Erik Buene til avisa Firda.

850 meter tunnel

Han er prosjektleiar for planlegginga av strekninga Høyanger grense – Grytåsen i Gaular.

Dei har tidlegare funne ut at det trengst to korte rasoverbygg på strekninga, men er no komne fram til at det er betre å byggje ein 850 meter lang tunnel i staden.

Steinblokker i skogen

Det har ikkje rast ned på sjølve vegen, men steinblokker har stoppa i skogen ovanfor.

– Eg trur ikkje det vil kome protestar på tunnelløysing, seier han.

70 millionar dyrare

I Nasjonal transportplan (NTP) er kostnadsoverslaget på strekninga 130 millionar kroner. Men nye kalkylar syner at prisen har auka til 200 millionar.

Prosjektet ligg inn i NTP for perioden 2010 til 2013. Det betyr at det kan bli byggjestart til neste år om alt er klart, skriv avisa.