Vil ha rassikring på topp

Hordaland har rassikring som førsteprioritet for Nasjonal transportplan for åra 2022–2033, skriv bt.no. Sogn og Fjordane som eitt av dei mest rasutsette fylka, har enno ikkje kome med sine innspel. – Det arbeidet er like rundt hjørnet, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Åshild Kjelsnes. Møte i fellesnemda for Vestland fylke, Scandic hotel på Kokstad i Bergen
Foto: Leif Rune Løland / NRK