Hopp til innhold

Vil ha politietterforsking

– Politiet bør starte full etterforsking av dei økonomiske disposisjonane i Bremanger kommune.

Per Ytrehus

Per Ytrehus frå Bremanger er tidlegare direktør og politikar.

Foto: NRK

Det seier Per Ytrehus, tidlegare NHO-direktør i fylket og kommunepolitikar i Bremanger.

– Ein må få det etterforska og ansvaret plassert der ansvaret skal vere. Så får konsekvensane av det komme etter kvart, seier Ytrehus til NRK.

Ligg an til å tape nye 39 millionar

Sjokkert var stort for innbyggjarane i Bremanger då det viste seg at kommunen hadde tapt nærare 200 millionar kroner på Terra-skandalen. Og rett før helga kom det eit nytt sjokk:

Bremanger går mot eit tap på 39 millionar kroner i år på at ein har kobla over 800 millionar kroner av den kommunale gjelda opp mot gambling på framtidig rentenivå. Ved lågt rentenivå, slik situasjonen er i dag, taper kommunen store summar.

Ytrehus er sjokkert over dei økonomisk edisposisjonane i heimkommunen.

– Omgåande synest dette å vere ein ny, stor skandale. Det er, så vidt eg kan skjønne, stikk i strid med det som er skildra i Kommunelova av risiko som ein kommune kan ta. Det må vere eit så stort økonomisk brotsverk som dei kan føreta seg, seier han.

Ordføraren ikkje uroa

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar Kåre Olav Svarstad har fått nok ein økonomisk skandale i fanget.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ordførar Kåre Olav Svarstad ser ingen grunn til å kolpe inn politiet.

– Det er Fylkesmannen som skal føre kontroll med kommunane og han har sett i gang lovlegheitskontroll slik Kommunelova skildrar. Slik er det.

– Fryktar du ei politietterforsking?

– Nei, Eg har kan ikkje sjå det.

– Men nokon må vel ta ansvar for dette?

–Det er politikarane sitt ansvar, det som skjer i ein kommune, seier Svarstad.