Hopp til innhold

Vil ha politiarbeidsplassar

Politiet sitt nye løns- og rekneskapssenter må leggjast til Florø, det meiner fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Dei peikar på at fylket står i fare for å miste viktige arbeidsplassar då Sogn og Fjordane politidistrikt no har blitt ein del av det nye Vest politidistrikt. Kompetansearbeidsplassar er viktige for å gjere bu- og arbeidsmarknadsregionen attraktiv, skriv fylkesutvalet. Utvalet meiner det er eit omsyn som må vege tungt når nasjonale fellestenester og oppgåver skal fordelast i politiet.

Politihuset i Florø
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK