Hopp til innhold

Kritiske til samanslåing utan rollefordeling: – Gje oss oppgåvene før vi må teikne kartet

Professor Emeritus Audun Offerdal har jobba mykje med kommunesamanslåing. Offerdal meiner politikarane har teke for lite styring på den prosessen mot kommunesamanslåingar som no har starta. I tillegg er han redd for at politikarar vil få for lite demokratisk makt etter eventuelle samanslåingar.

Audun Offerdal og Sven Flo

OPPGÅVER FØR KART: Både professor Audun Offerdal og Stryn-ordførar Sven Flo (H) er kritiske til debatten om kommunesamanslåing: Dei meiner regjeringa må fordele tenesteoppgåver før dei gir kommunane oppgåva med å teikne kart.

Foto: Montasje: NRK

Den varsla kommunereforma, som regjeringa vart samd med støtteparti KrF og Venstre om tidlegare denne sumaren, har gjeve nytt og forsterka liv til debatten som har gått i mange tiår.

Men reforma som no er varsla kan, dersom samanslåingane vert så omfattande som eit ekspertutval anbefalte i mai, føre til at ein av fire kommunar i landet vert vekke. Det vil vere den største bølgja av samanslåingar sidan 1960-talet.

Les meir om kommunesamanslåingsdebatten i Sogn og Fjordane:

– Fordel oppgåver før karta vert teikna

Tysdag gjekk Stryn-ordførar Sven Flo (H) ut i Fjordabladet og var kritisk til si eiga regjering sin framgangsmåte i avgjerdene om kommunestruktur. Rollene til stat, fylkeskommune og kommune må avgjerast før grensene vert trekte, meiner Flo.

– Eg er oppteken av at det må klargjerast kva oppgåver som skal liggje på dei ulike nivåa. Og så kan eg ikkje forstå at vi skal køyre ein tung, omfattande omstillingsprosess i Kommune-Noreg, og så skal fylkeskommunen etter mitt inntrykk meir eller mindre fredast, seier Flo til NRK.no.

  • Høyr heile intervjua med Flo og Offerdal nedst i saka.

Professor Audun Offerdal er heilt samd i at rollene må avklarast.

– Det vert snakka om robuste kommunar, det er eit forholdsvis tomt omgrep. Det er snakk om demokratisering, velferdskommune og generalistkommune. Men alle desse omgrepa er forholdsvis tomme, så lenge dei ikkje vert gjeve eit konkret innhald, seier professoren og held fram med ei spørsmål.

– Kva slags oppgåver skal overførast frå stat til kommune, og eventuelt andre vegen? Det manglar i denne prosessen.

– For lite politikarstyrt no

Offerdal er født i 1941, og har vore professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare skive fleire bøker og tidsskriftartiklar om politikk og organisasjon.

I dag er han professor emeritus, tittelen pensjonerte professorar får. Han er kritisk til prosessen regjeringa har satt i gang.

– Det som er det rare er at visst du snakkar med folk rundt omkring i kommunane, dersom du snakkar med administrasjonen, så har administrasjonen fått i oppgåve å greie ut samanslåingane.

– Men, det er jo politikarane som burde greie ut dette, det er dei som burde seie kva vi ønskjer med ei kommunalreform. Det er ikkje administrasjonen i kommunane.

– For lite politikarmakt etterpå

Offerdal har studert kommunesamanslåingar i Danmark, der ei storstilt bølgje av samanslåingar vart gjennomført for få år sidan. Professoren seier at det ikkje er mykje å tene på samanslåingar. Han hevdar det gav meir byråkrati, og mindre demokrati.

– Oppgåvene må uansett gjerast lokalt. Samanslåingar tek vekk politikarar frå lokalsamfunna. Det sentraliserer fagfolk, og det blir fleire fagfolk.

– Då vert det slik at fagfolka sentralt vil desentralisere oppgåver til det som tidlegare var kommunar, men då manglar det politikarar lokalt som kan matche fagfolka, seier Offerdal.

Ein anna lærdom frå Danmark, meiner professoren, er at ei kommunereform må ha eit klart formål, ein visjon. Det ser han ikkje her i Norge.

– Hovudpoenget med denne kommunereforma er at ho manglar eit formål. Reforma manglar eit klart formål, sett vekk ifrå å slå saman. Men kvifor vi skal slå saman er uklart.

Offerdal legg ikkje skjul på at han i utgangspunktet er mot kommunereforma og samanslåingar.

– Om du pressar meg vil eg seie nei. Vi treng ikkje så altfor mange samanslåingar. Men mitt viktigaste poeng er at for å kunne gjere noko, må regjeringa manne seg opp til å seie kva slags konkrete oppgåver er det vi skal overføre til kommunane.