Hopp til innhold

Vil ha oppdrettsanlegg

Fiskeridirektoratet rår til at Vågsøy kommune seier ja til oppdrettsanlegg ved Husevågøya. Det er Blom fiskeoppdrett som har søkt om dispensasjon frå kommuneplanen, same selskap har også søkt om å starte oppdrett ved øya Silda. Dei to lokalitetane er meint å fungere saman for å få stabil produksjon. Nordfjord fiskarlag har ikkje merknader til plasseringa.