Hopp til innhold

Oppdrettar vil flytte anlegg til nasjonal laksefjord

– Gruvedrift vil tvinge oss vekk, seier lakseoppdrettar Ingvar Osland.

Førdefjorden mot Heilevangstaurane

IDYLLISK: Fiskeoppdrettar fryktar det blir mindre idyllisk i Førdefjorden ved gruveutbygging i Engebøfjellet. Han fryktar det vil gå ut over næringa hans.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Løyve til å drive oppdrett inne i den nasjonale laksefjorden er ei høveleg erstatning for gruvedrift, meiner dagleg leiar i Flokenes Fiskefarm AS, Ingvar Osland, ifølgje Firda.

Lakseoppdrettaren har tre lokalitetar utanfor Ålesundet i Førdefjorden. Anlegga ligg på grensa til den nasjonale laksefjorden, skriv avisa.

Osland fryktar at ei eventuell gruvedrift i Engebøfjellet kan få følgjer for næringa hans. Difor vil han forhandle om å få flytte eitt av anlegga til den nasjonale laksefjorden.

Seks mill. tonn restmasse i fjorden

– Vi har besøk av folk frå supermarknad-kjedene i Europa som spør om alt mogleg, ikkje minst om forureiningskjelder i nærleiken. Då må vi svare at det berre går eit par tusen tonn kjemikaliar ut i fjorden, like her borte. Resultatet vert at kundane ikkje vil ha fisk frå området, seier Osland til Firda.

Eitt av anlegga til Osland kjem tett inntil det planlagde sjødeponiet frå gruveselskapet Nordic Mining ASA. Blir det gruveutbygging vil seks millionar tonn restmasse, iblanda kjemikaliar, dumpa i fjorden kvart einaste år i 50 år framover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FJORDDEPONI: Nordic Mining har søkt om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Ifølgje Firda er Osland førebudd på å gå rettens veg og søkje økonomisk erstatning frå Nordic Mining. Eit alternativ til søksmål er om Osland får flytte eitt av anlegga inn i den nasjonale laksefjorden. Det må i så fall politikarane avgjere.

«Har liten verknad på laks»

Rådmennene i Askvoll og Naustdal «legg til grunn» at gruvedrift har liten negativ verknad på laks, trass i at forskarane ikkje kan gje klare svar, ifølgje Firda.

Ein er usikker på om oppdrettslokaliteten til Flokenes Fiskefarm i Dyvika vert påverka, meiner rådmennene.