Hopp til innhold

Vil ha Vest Tank-saka teke opp att i retten - har meld politiet til spesialeininga

Tidlegare Vest Tank-eigar Trond Emblem krev at saka etter eksplosjonane i Gulen vert tekne opp att. Han har og meldt to politifolk til spesialeininga for politisaker.

Eksplosjon i Sløvåg

HELSEPLAGER: Mange i Gulen og i Nordhordland klaga over helseplager etter brannane og eksplosjonen i Vest Tank-anlegget i Sløvåg 24. mai 2007.

Foto: Wilheim Benidtson / NRK

Emblem er dømd til fengsel i to år og fem måneder etter eksplosjonane i avfallstankar i Sløvåg i Gulen i mai 2007.

I eit brev til Gjenopptakingskommisjonen ber Emblem sin advokat John Christian Elden om at dommen fra Gulating lagmannsrett vert oppheva.

Trond Emblem

VIL HA NY SAK: Trond Emblem har meld tre tenestemenn i politiet til Spesialeininga.

– Samtidig har Emblem meld to tenestemenn i Økokrim og ein i Hordaland politidistrikt til Spesialeininga for politisaker. Trond Emblem hevdar mellom anna at politiet har protokollført utsagn som han ikkje har kome med i avhøyr, vert det opplyst i brev til som NTB har fått tilgang til.

Førstestatsadvokat i Økokrim, Hans Tore Høviskeland, seier til NTB at dei tek dette med stor ro og at dei overlet til Spesialeininga å vurdere saka.

Krev nye rundar i retten

– Det er noko merkeleg at dette kjem opp no, etter at saka har vore fleire rundar i rettssystemet, legg han til.

Han er sjølv ein av dei tenestemennene Emblem har meld til Spesialeininga.

Advokat John Christian Elden har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til denne saka måndag kveld. Han har sendt eit omfattande brev, der han krev at saka mot Emblem blir teke opp att.

Han krev at både dommen frå lagmannsretten og tingretten blir sett til side, og at saka får ei full, ny runde i rettssystemet.

Hevdar seg feilsitert

Emblem har i tre omfattande brev meld tre namngjevne polititenestemenn til Spesialeininga. Han støttar seg mellom anna på ei privat gransking som Tore Sandberg utførte i ein tidsavgrensa periode.

Han hevdar mellom anna at han har blitt feilsitert og tillagt uttalar han ikkje skal ha kome med i politirapportane, og at dette skal ha fått følgjer for utfallet av rettssakene.

Det var 24. mai 2007 at ein tank med avfallsprodukt eksploderte hos selskapet Vest Tank i Gulen i Sogn og Fjordane og utløyste brann i en annen tank.