Om planane vert realisert, vil bygginga av operasalen skje i samband med utvidinga av den vidaregåande skulen i Eid. Den yrkesfaglege delen av den vidaregåande skulen skal byggjast saman med den allmennfaglege delen. I planen ligg det då å byggje ein aula på skulen. Ideen er at denne aulaen også skal fungere som operasal for opera Nordfjord med plass til 600 menneske. Desse planane skal offentleggjerast måndag.
Fylkekultursjef Lidvind Osland er positiv til planane.
- Svært positivt
Osland seier han enno ikkje kjenner til kostnadsrammene på planane som arkitekt Arild Waage har teikna. Avgjerande for prosjektet er kor lang tid det vil ta før fylkeskommunen kan vere med å realisere det, seier han. Men han vedgår at han stiller seg svært postiv til ein operasal i Eid fordi den vil bety mykje for Opera Nordfjord som i dag slit med økonomien.