Hopp til innhold

Slik vil statsråden få ned talet på sjølvmord - meiner fleire må tore å snakke om det

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil at både folk flest og media skal snakke meir om sjølvmord.

Bent Høie

ANSVAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner ein må våge å snakke om eit tema som ein tidlegare har tykt har vore vanskeleg å snakke om.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det viktigaste ein kan gjere får å få bukt med det, er å ha openheit om sjølvmord og snakke om det. Mange av dei som tek sjølvmord er ikkje til behandling i psykisk helsevern, men vi ser at mange av dei som har teke sjølvmord, eller har gjort forsøk, har vore i kontakt med helsetenesta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Han peikar på at det syner at dei kanskje ikkje har vorte stilte dei rette spørsmåla.

– Det kan tyde på at dei ikkje har fått spørsmålet om dei tenkjer på sjølvmord. Det betyr også at vi som er venner og familie har eit ansvar, seier Høie.

Blir lettare å søkje hjelp viss ein snakkar om det

Viss ein som pårørande legg merke til at nokon endrar veremåte på ein slik måte at ein vert uroa, ber Høie folk oppmode desse om å søkje hjelp.

– Det er lurt å råde dei til å søkje hjelp. Det er også lurt å søkje informasjon sjølv om korleis ein skal ta opp dette temaet, seier Høie.

Regjeringa la 30. april fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord og sjølvskading. Handlingsplanen skisserer 29 tiltak fram til 2017, med eit overordna mål om å redusere omfanget av sjølvmord og sjølvskading i befolkninga.

Høie ønskjer oppfatninga om at ein ikkje skal snakke om sjølvmord, til livs.

– Det har vore ei oppfatning av at ein ikkje skal snakke om sjølvmord, men vi meiner det er feil. Vi meiner det er viktig å snakke om det på ein sakleg og god måte, nettopp fordi det skal bli lettare både å få hjelp og å søkje hjelp, seier Høie.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Selvmordsstatistikk 1972-2012» i nytt vindu

Skriv meir om trafikkdød enn sjølvmord

Sosiolog og forskar ved Senter for krisepsykologi, Kari Dyregrov, ønskjer eit større fokus på sjølvmord velkomme.

For mange kjem det svært overraskande på å høyre at nær tre gonger så mange døyr av sjølvmord enn i trafikken. Dyregrov peikar på at det er naturlege grunnar til dette.

Kari Dyregrov

RETT: Forskar og sosiolog ved Senter for krisepsykologi, Kari Dyregrov, understrekar at ein må snakke om sjølvmord på ein rett måte.

Foto: Senter for krisepsykologi

– Det blir skrive langt meir om trafikkdød enn om sjølvmord i media. Vi snakkar om nulltoleranse i trafikken, men når sjølvmordsstatistikken kjem ein gong i året, er det slik at eg som forskar av og til ikkje fangar det opp fordi det er så lite publisitet om det, seier Dyregrov.

Ho etterlyser meir omtale om temaet.

– For nokre år sidan hadde vi mykje med media å gjere fordi media gjekk litt for langt. Vi snakka om smitteeffekt, at for mykje omtale på feil måtar, kan få farlege verknader, seier Dyregrov.

Ho understrekar at det å idyllisere eit sjølvmord er publisitet som ikkje gagnar saka.

– Men det er noko anna å fremje informasjon om den viktige saka, seier Dyregrov.

Skuldast aldri berre éin faktor

– Det som er viktig, både for fagfolk og andre å vite, er at sjølvmord aldri skuldast berre ein ting. Det hender at det er ei einskildhending som får begeret til å renne over, men det skuldast aldri berre éin faktor, seier Dyregrov.

Ho peikar på at årsaka til at nokon vel å avslutte livet, heng saman med sårbarheit.

– Det kan også hengje saman med psykiatrisk sjukdom. Vi snakkar om komplekse samanhengar, og det kan endåtil ikkje ha noko med psykiatrisk sjukdom å gjere, seier Dyregrov.

Også fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, tek til orde for meir openheit rundt sjølvmord, og er klar på at ho har fått mykje ny informasjon etter at NRK sette søkjelys på sjølvmord denne veka.

– Eg tykkjer det gjer sterkt inntrykk, og eg er glad for at dette kjem på dagsorden. Eg trur det er mange av oss som ikkje var klare over kor høge tala på sjølvmord er, eller korleis ei støttegruppe som dette slit, seier Kjelsnes.

Vil sjå på sjølvmord i samband med folkehelse

LEVE i Sogn og Fjordane søkte fylkesmannen om 15.000 kroner i stønad, men fekk avslag på dette, då midlane frå Helsedirektoratet i år ikkje skulle gå til prosjekt relatert til psykisk helse. Dermed låg det an til at Sogn og Fjordane kom til å stå utan sorggruppe for etterlatne etter sjølvmord. Men no er det sett igang ein privat innsamlingsaksjon for å samle inn pengane som manglar.

Kvart år tek i snitt åtte personar i Sogn og Fjordane livet sitt. Talet på sjølvmordsforsøk er rekna til å vere ti gonger høgare. Ser ein på landet under eitt, vel 500 personar kvart einaste år å ta sitt eige liv.

– Eg tykkjer dette er noko vi må følgje opp. Vi er i startgropa med å utarbeide ein eigen plan for folkehelsearbeid. Der er nettopp alle kvardagsarbeidarane rundt om ei viktig brikke. Då er det naturleg at ein ser på om det er område vi ikkje har teke med, eller har nok merksemd rund, seier Kjelsnes.

Må tore å snakke om det

Fylkeslaget til LEVE har ikkje søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om stønad, noko Kjelsnes oppmodar dei om å gjere.

– Men fylkesutvalet har ein liten pott til disposisjon. Og eitt av kriteria er nettopp at det skal vere noko som er til hjelp for innbyggjarane i fylket, seier Kjelsnes, som oppmodar organisasjonen om å søkje om dette.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

MEIR: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, meiner det ikkje har vore nok merksemd på sjølvmord.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men ho ser også vidare på sjølvmordsproblematikken.

– Eg trur det er viktig at ein torer å snakke om dette, for her er det mange som ikkje er klar over, eller tenkjer over, kor mange av dei som er etterlatne som slit, seier Kjelsnes.

– Dette er nok ein av dei tinga som ikkje har fått nok merksemd. Det kan det vere fleire årsaker til, seier Kjelsnes.

Har ikkje vore nok merksame

Ho peikar på at dei som vert ramma, ofte er i ein situasjon der dei har meir enn nok med seg sjølv.

– Og vi som sit på utsida, trur kanskje at det er eit apparat der som er tilstrekkeleg. Samtidig er ein kanskje redd får å gjere noko feil. Men vi har ikkje vore nok merksame på det, seier Kjelsnes.

Styremedlem i LEVE i Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge, er glad for at Kjelsnes tek problematikken på alvor.

– Eg tykkjer Kjelsnes seier mange og riktige ting. Vi i LEVE ønskjer å gjere fylkespolitikarane og andre aktørar i fylket gode. Det er det som er utgangspunktet vårt, seier Hauge.

Vil sleppe å krige om tusenlappar

Han peikar på at LEVE er etablert, nettopp for å sikre støtte og oppfølging til dei som opplever tragedien at nokon i nær familie tek livet sitt.

– Eg opplever at vi ønskjer det same. Vi må få folk til å forstå at dette ikkje er eit individuelt problem. Vi må gjere det om til eit samfunnsproblem, der vi tek eit felles løft, seier Hauge.

Han ser gjerne for seg eit samarbeid mellom fleire organisasjonar, der ein jobbar i grensesnittet psykisk helse og rus, og etterlyser ein meir heilskapleg tenking der ein slepp å søkje om småsummar kvart einaste år for å få hjula til å gå rundt.

– Der vi ikkje står og krigar om tusenlappar, men er flinkare til å tenkje heilskap i lag med fylkespolitikarane, seier Hauge.

Han peikar på at dei fleste som opplever livsutfordringar, tek ikkje livet sitt.

– Dei tenkjer heller ikkje på sjølvmord. Takka vere desse fantastiske personane som finst i lokalsamfunna, overvinn dei problema og livet går vidare. Så er spørsmålet, kva kan etterlatne bidra med, seier Hauge.

Han syner til forskinga til Kari Dyregrov ved Senter for krisepsykologi, som syner at likemannsstøtta, der etterlatne etter sjølvmord som hjelper andre etterlatne, gir unike resultat.