Hopp til innhold

Vil ha open skule i helga for medelevar til dei to omkomne

Måløy Vidaregåande skule kjem laurdag til opne dørene for medelevar til dei to ungdomane som fredag kveld vart funne omkomne.

Måløy vidaregåande skule

EIN PLASS Å MØTAST: Det blir open skule ved Måløy Vidaregåande

Foto: Arild Nybø / NRK

– Det er ei veldig tragisk hending som har skjedd to av våre elevar seier Karl Ottar Rundereim, som er rektor ved Måløy Vidaregåande skule i Vågsøy.

Fredag kveld vart det sett i gang leiting etter eit ungt par som var meldt sakna. Dei to ungdomane, ein gut (19) og ei jente (18), var då sist sett onsdag køyrande på fylkesveg 618 mellom Vågsøy og Selje.

Klokka 1823 fredag vart bilen med dei to omkomne funnen ved Røyrvikneset i Selje kommune.

Kriseteamet samla

Kristin Maurstad

HAR ETABLERT KRISETEAM: Kristin Maurstad er ordførar i Vågsøy

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fredag kveld var det kommunale kriseteamet i Vågsøy samla ved skulen for diskutere korleis dei skal ta hand om familie og medelevar til dei omkomne.

– Vi kjem no til å vere tilgjengelege for pårørande og medelevar. Vi er samla på skulen der vi diskuterer korleis ein skal legge til rette for medelevane, seier Kristin Maurstad, som er ordførar i Vågsøy

Open skule

Karl Ottar Rundereim

TO ELEVAR OMKOM: Karl Ottar Rundereim er rektor ved Måløy Vidaregåande skule i Vågsøy.

Foto: Kristin Maurstad

Frå klokka 13 laurdag er det open skule ved Måløy Vidaregåande,

– Vi vi legge til rette for at elevane kan ha ein stad å møtast og snakke om det som har skjedd, og få informasjon, seier Rundereim.

På måndag blir dei markering på skulen når elevane samlast igjen etter helga.

Frå Flora

Dei to ungdomane var heimehøyrande i Florø, og det kommunale kriseteamet der er kopla inn for å gi familiane den støtta dei kan i den tunge tida.

– Dette er ein stor tragedie, det er får ting som er så vondt som når unge menneske går bort på denne måten, seier ordførar i Flora, Ola Teigen.

Ved Måløy vidaregåande skule skal det vere ei minnemarkering måndag, Teigen seier førebels ikkje i har bestemt korleis dette skal gjerast i Florø.

– Dette er to av våre unge og det vil ikkje vere unaturleg at vi kjem til å markere det på eit vis, men det må vi kome attende til, seier Teigen.