Hopp til innhold

Vil ha omstridd statue til fylket

Tidlegare fylkeskulturdirektør Lidvin Osland vil ha den omstridde statuen av Kong Olav til fylket.

DEBATT: SEI DI MEINING OM KVAR STATUTEN BØR STÅ

Knut Steens statue av kong Olav
Foto: Oslo kommune

Bilethoggar Knut Steen fekk oppdraget med å lage statuen for seks år sidan. Etter planen skulle den stå utanfor rådhuset i Oslo. Men måndag sa politikarane i Oslo eit endeleg nei til den omstridde statuen.

- Framstår som diktator

Den 7,5 meter høge statuen er nemleg blitt hardt kritisert for å framstille Kong Olav meir som en diktator enn ein folkekonge, der han står med heva høgre hand. Oslo-politikarane meiner at statuen ikkje får fram den kongelege verdigheita og folkelege nærleiken som dei hadde sett føre seg.

Men for tidlegare fylkesdirektør for kultur, Lidvin Osland, er statuen meir enn god nok.

- Ei nedgraving av statuen i Italia synest eg er ein veldig dårleg slutt på denne historia.

- Gulatinget er god plassering

No oppmodar han politikarar og Sogn og Fjordane kunstmuseum om å jobbe for å få statuen til fylket og opprette dialog med kunstnaren. Osland meiner ei plassering ved Gulatinget i Eivindvik er ein god ide. 

- Seglarkongen vår, Olav, kan godt stå på ei høgde ved havet og helse skipsfarten som passerer. Dette må vere eit godt minne om kongen. 

- Artig tanke

Norvall Nøringset, leiar i hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane, synest forslaget til Osland er interessant.

- Det er spenstig og artig, for å seie på den måten. Vi har jo teke imot refusert kunst tidlegare, så denne statuen kan vi sikkert plassere også her i fylket.

Vil grave den ned

Men det er kunstnaren sjølv som må bestemme om det er greit at statuen vert plassert i Sogn og Fjordane. Dotter til Knut Steen, Hege Steen, sa til NRK1 i går at faren ikkje vil at statuen skal stå ein annan stad enn i Oslo.  

- Eg er ikkje sikker, men eg trur at han vil seie at han vil grave den ned.