Hopp til innhold

Vil ha økonomi inn i ungdomsskulen

Vi skaper fleire gjeldsslavar om vi ikkje fortel unge om konsekvensane av pengebruk, seier gjeldsrådgjevar Svein Arne Høyheim, som vil ha økonomi inn tidlegare i skulen.

Penger surfjes

GJELDSFELLA: Pengane kan forsvinne fort om ein ikkje skjønar konsekvensane av å bruke dei, seier gjeldsrådgjevar Svein Arne Høyheim. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

NAV-kontora opplever kvart år ei auke i talet på unge som ikkje har kontroll over eigen økonomi. For nokre har det gått så langt at dei er gjeldsslavar.

– Økonomi er ein viktig del av læringa for framtida, og bør byrje allereie på ungdomsskulen, seier Høyheim.

– For lite peiling på økonomi

NAV vil gjere noko med auken i talet på personar som slit, og i Høyanger har tiandeklassingane på ungdomsskulen fått informasjon om kva personleg økonomi er.

Førebyggande arbeid er den beste vegen å gå, seier Høyheim ved NAV-kontoret i Høyanger.

– Nokre lærer litt heime, men eg tvilar på at det er så mange som har så veldig mykje peiling på det.

Finans Norge har lenge kjempa for å få personleg økonomi inn på timeplanen til fleire elevar. Ungdomsskulane har noko undervisning i samfunnsfaget om dette, og i dei vidaregåande skulane er det eit eige tema. Men det held ikkje, meiner Høyheim.

Meiner det er nok økonomi i skulen

Norvall Nøringset

SV: Norvall Nøringset

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ungdomsskulelærar og leiar for hovudutval for opplæring i fylket, Norvall Nøringset (SV), er ikkje samd i at det bør verte meir fokus på økonomi i skulen.

– Nei, eg synest det er bra i dag med informasjon frå bankane, kontakt med bankane, og det som står i læreplanen og lærebøkene i dag.

Og han meiner det ikkje er skulane som har ansvaret for at ungdom har kontroll på pengane sine.

– I utgangspunktet er det foreldra sitt ansvar å hjelpe ungdomane til å styre den personlege økonomien. Eg trur elevane er forholdsvis bra orienterte, seier Nøringset.