Ein 12 år lang kamp mot freding av Krakksfjellet i Solund vart krona med siger for dei to grunneigarane i demember i fjor. Då oppheva Gulating lagmannsrett fredinga på grunn av feil i saksbehandlinga. Det var i 1999 at det 2500 mål store fjellområdet nordvest i Krakhellesundet vart freda som naturreservat.
Vil verne på nytt
Miljøverndepartementet har no vedteke at dommen som opphevar fredninga ikkje skal ankast. Men på grunn av det dei meiner er store verneverdiar i området set departementet no i gang arbeidet med å få verna området på nytt.
Direktoratet for naturforvalting ber difor fylkesmannen i Sogn og Fjordane om å utføre dette arbeidet. Utgangspunkt er arealet som vart freda i 1999.
- Heilt urimeleg
Grunneigar Gisle Enstad finn det heile urimeleg. Han hevdar eit vern vil gjere det umogeleg for grunneigarane å nytte området.
- For det første er det lite produktiv skog, så det er ikkje noko å verne der. Og landskapet er ikkje spesielt, det finst langs heile kysten. Alt som er her av skog og planter er heller ikkje spesielt. Dette har vi hatt folk å sett på, seier Enstad.