Utspelet kjem framfor styremøtet i Norsk Kjøtt i dag. Der skal framtida til spekematanlegget avgjerast. Og blir det nedlegging, så kan eit nytt salslag berre for vestlandsbønder vere redninga, trur Bruvoll.
Vestlandsspesialitetar produsert i aust
Bruvoll likar ikkje tanken på at vestlandsspesialitetar som spekemat og pinnekjøt frå no av skal produserast i aust. Men Gilde sitt anlegg på Nordfjordeid står i fare. I dag skal styret i Norsk Kjøtt komme fram til ei endeleg avgjerd. Det kan gå mot nedlegging på Eid, trass i massive protestar frå bonde- og småbrukarlaga i fylket.
Bruvoll meiner Norsk Kjøtt si satsing på sau har vore elendig. Dårleg merkevarebygging gjer til at ingen kjøper kjøtet, seier han. Og eidaren trur eit nytt salslag kan ha mange fordelar. Det vert mellom anna meir faginteresse og optimisme i næringa.
Håpar på ein sterk konkurrent
Om anlegget på Eid ryk, så kan det hende at Norsk Kjøtt endar opp med ein ny konkurrent. Ein mektig konkurrent, håpar Bruvoll. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har nemleg 50 prosent av sauekjøtproduksjonen i Norge, seier han.