Vil ha nynorskultimatum

Noregs Mållag meiner Sogn og Fjordane og Hordaland må stille eit ufråvikeleg krav til Rogaland om at Vestlandsregionen skal ha nynorsk administrasjonsspråk. – Formuleringa til fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane om at "det vert lagt til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk" er verdilaus dersom Rogaland vil ha nøytralt språk, meiner leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn
Foto: Noregs Mållag
Vegopning på Bergum i Førde kommune