NRK Meny

Vil ha nynorsk i storfylket

Fylkespolitikarane vil ha nynorsk som administrasjonsspråk i det nye vestlandsfylket. I intensjonsavtalen om samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane står det ingenting om kva som skal vere administrasjonsspråk. Når fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane no vil sende avtalen ut på høyring legg dei til grunn at nynorsk blir administrasjonsspråk. Dei grunngir dette med omtalen av nynorsk som ein viktig identitetsbyggar. Det har i det siste vore stor debatt om nynorsken sin plass i eit nytt storfylke på Vestlandet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.