NRK Meny
Normal

Vil ha nye samtalar om storkommune

I vår kollapsa planane om ein storkommune i Nordfjord. Etter at Fylkesmannen gjekk inn for tvangssamanslåing av Selje og Vågsøy, går seljeordføraren inn for eit nytt forsøk.

Stein Robert Osdal

FOR LITEN: Seljeordførar Stein Robert Osdal meiner ein kommune med berre Selje og Vågsøy blir for liten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Fylkesmannen har rådd departementet å slå saman Selje og Vågsøy med tvang. Vi i Selje er positive til reform, men meiner dette blir for lite. Difor ser vi no til Eid og Vanylven for å få ein endå større kommune, seier seljeordførar Stein Robert Osdal.

Det var i slutten av september at fylkesmann Anne Karin Hamre kom med sitt forslag til ny kommunestruktur i Sogn og Fjordane. Der gjekk ho inn for å slå saman Vågsøy og Selje med makt.

Laster kart, vennligst vent...

FYLKESMANNEN: Slik vil Fylkesmann Anne Karin Hamre at kommunegrensene i Sogn og Fjordane skal sjå ut i framtida.

Hastar

Fristen for kommunane til å finne saman er årsskiftet. Onsdag skal Selje i samtalar med Eid for å undersøke stemninga for samanslåing, og torsdag skal kommunen forhandle med Vågsøy. Då er det i overkant av ein og ein halv månad att til fristen, og Osdal er klar på at ting må skje raskt.

– Alternativet med Selje, Vågsøy og Eid har tidlegare stranda på spørsmålet om kommunesenter. Det er klart at vi raskt må finne ut om dette spørsmålet er så fastlåst at det ikkje er mogleg å få til ei løysing. Det skal vi forsøke no til veka.

– Ikkje lukka dør

Kristin Maurstad

KONSENTRERT OM SELJE: Kristin Maurstad fortel at Vågsøy konsentrerer seg til Fylkesmannen si tilråding, men lukkar ikkje døra heilt for andre kommunar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I Vågsøy er ordførar Kristin Maurstad klar på at Selje står fritt til å snakke med andre kommunar, men at dei sjølv konsentrerer seg om Fylkesmannen si tilråding. Likevel vil ikkje Maurstad late att døra for fleire.

– Vi konsentrerer vi oss om tilrådinga til Fylkesmannen. Tidlegare har vi vore på friarferd til Eid og Vanylven, men planane vart lagt bort. Døra blir likevel ikkje låst før Stortinget gjer sitt vedtak, og dersom det skulle kome ein formell førespurnad må vi vurdere den.

Positive til samtalar

Bjørlo

GODT MOTTEKE: Ordførar Alfred Bjørlo seier at førespurnaden frå Selje vart godt motteke i Eid formannskap.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Eid er ein av dei kommunane som Selje no ønskjer å snakke med om å lage ein storkommune i Nordfjord. Torsdag behandla formannskapet i kommunen førespurnaden frå Selje, ordførar Alfred Bjørlo fortel at den vart godt motteke.

Vi snakka med Selje og Vågsøy i fjor. Før jul valde vi å gå for Gloppen, no har det forsøket stranda. På torsdag var det eit samrøystes formannskap som sa ja til samtalar med Selje.

Interessant

Anne Karin Hamre

NATURLEG: Anne Karin Hamre synest Selje, Vågsøy, Eid og Vanylven er ein naturleg konstellasjon.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det var fylkesmann Anne Karin Hamre som kom med rådet om at Selje og Vågsøy burde slåast saman. Trass at Selje no ønskjer ein annan konstellasjon enn det ho rådde er Hamre ikkje negativ til ein større kommune.

– Eg synest det er veldig interessant, og det er ikkje noko vi vil vere negative til. Sjølv om det er fleire kommunar enn vi gjekk inn for er det noko vi er innstilte på å støtte.

Vegopning på Bergum i Førde kommune